kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Lærer ikkje nok om evangelisering i forsamlingane

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 30.07.2020
På Reach The City lærer kristne å dela evangeliet med framande på gata i Oslo. Dette er ein type praktisk undervisning mange saknar i den lokale forsamlinga si.

Denne veka arrangerer Open Air Campaigners (OAC) for niande året på rad sommerstevnet Reach The City. Her lærer deltakarane gjennom undervisning, workshops og ikkje minst praksis, korleis dei kan dela evangeliet om Jesus med framande personar på gata.

Elisabeth Vestrum er med på Reach The City for første gong i år. 37-åringen kom tilfeldig over ein workshop i gateevangelisering i fjor haust og no ønsker ho å læra meir.

– Eg føler ikkje eg har fått nok utrusting på dette feltet i nokon av forsamlingane eg har gått i, seier Vestrum til Kristelig Pressekontor (KPK).

– Eg hadde falle i fella der eg tenkte at evangelisering var noko enkelte hadde ei gåve for, og heldigvis var ikkje det meg, men no har eg vorte overtydd om at dette er noko alle kan vera med på, held ho fram.

– Enklare å berre ta imot

Leier for OAC i Noreg, Hartvig Kloster, fortel at ideen bak Reach The City er å utrusta deltakarane til evangelisering i praksis.

– Dei skal ikkje berre sitja og lytta, men praktisera. Det meiner vi er ein bibelsk måte å gjera det på, slik Jesus gjorde det, seier han.

Kloster opplever at mange kristne ikkje blir utrusta til evangelisering i forsamlingane sine.

– Eg saknar å sjå meir av dette i kristen-Norge. Det er altfor mykje fokus på å sitja og ta imot og lite fokus på å praktisera. Ja, det er ein kamp å skulla dra ut og evangelisera, og det er mykje enklare å berre sitja i ei forsamling. Eg trur denne kampen, kombinert med menneskefrykt og tradisjon er grunnen til at det er lite praktisk evangelisering i forsamlingane, seier han.

– Kan aldri læra nok

Gunnar Salmelid (21) er med på Reach The City for andre gong i år.

– Ein kan aldri læra nok. Her får vi eit tett fellesskap der vi får dela tru saman og motivera og styrka kvarandre i oppgåva, seier han.

Vestrum er samd i at å bli ein god gateevangelist er ikkje noko som skjer magisk over natta.

– Det er ikkje sånn «woosh, så får du gåva», det er litt meir keisam disiplin. Du må berre stå på og vera trufast og stola på at Gud er med, seier ho.

Eit ønske om å læra og veksa i tenesta er ei av grunnhaldningane i OAC.

– Som Jesu disiplar er vi alltid elevar, og vi blir aldri utlærd, seier Kloster.

Går i tru

Både andregongsdeltakar Salmelid og førstereisdeltakar Vestrum fortel til KPK at dei tidlegare tenkte at gateevangelisering ikkje var noko for dei, men at dette endra seg når dei kom over den første terskelen.

– Eg har verkeleg følt Guds leiing og opplever at Gud leier rett folk til meg slik at vi kan ha personlege samtalar utan at det blir for pushy, seier Vestrum.

Deltakarane har ei klar oppfordring til andre kristne som kvir seg for å evangelisera til framande.

– Prøv det ut! Finn nokon som driv med det og bli med. Når du ser at evangeliet blir formidla ser du at det er heilt ufarlig og utruleg bra, seier Salmelid.

Vestrum fortel at ho sjølv kvidde seg i mange år.

– Det kjem aldri ein dag der du føler deg klar. Du må berre byrja å gå og ha tru på Gud og at han hjelper deg.

Kreativ formidling

På Reach The City blir utfordra deltakarane til å vera frimodige i trua og dela ho på gata.

– Vi utfordrar dei òg til å jobba godt med evangeliet slik at dei kal presentera det på kreative måtar, seier Kloster.

Blant dei kreative teknikkane som blir lærte bort finn vi mellom anna bruk av sketchboards, gospeltrylling og kunne koka ned vitnesbyrdet sitt om evangeliet til rundt eitt minutt.

– Det er skikkeleg utfordrande, men bra. Eg treng dette, seier Vestrum. KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone