kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Meiner amerikansk kristendom er forma av rasisme

Publisert 28.07.2020
Den amerikanske forskaren Robert Jones hevdar i ny bok at rasistisk teologi er djupt integrert i DNAet til kvite kristne kyrkjer i USA.

Robert P. Jones er grunnleggar og administrerande direktør av Public Religion Research Institute (PRRI) og stammar sjølv frå fleire generasjonar av kvite kristne amerikanarar. I den nye boka si White Too Long, med undertittelen The Legacy of White Supremacy in American Christianity, tar han eit oppgjer med «det uheilage forholdet mellom amerikansk kristendom og kvit makt-teori, og gir ei presserande oppfordring til kvite kristne om å ta eit oppgjer med denne arven av omsyn til både seg sjølv og nasjonen».

– Det er umogleg å snakka om amerikansk kristendom utan å erkjenna at rasisme bidrog til å forma kyrkja, seier Jones i eit intervju med HuffPost.

Hugstap

Jones har funne døme på kvit makt-ideologi i sitt eige slektstre og trur mange kvite kristne lett vil finna liknande rasisme i rekkene sine. Men kvite kristne sitt bilde av seg sjølv og religionen sin har vorte forvrengt av det Jones kallar «kvit makt-indusert hugstap».

– Dei fortel seg sjølv at versjonen deira av kristendommen er Guds måte å bringa frelse til den tapte verda. At dei er lekamliggjeringa av alt som er bra med Amerika, at dei er grunnpilarane i samfunnet. Men den historia toler ikkje veldig mykje gransking, seier han.

Påverka teologi

I boka argumenterer Jones for at kvite kristne - frå evangeliske i sør til protestantar i Midtvesten og katolikkar i nordaust - ikkje berre var sjølvtilfredse tilskodarar medan politiske leiarar debatterte kva dei skulle gjera med slaveri, segregering og diskriminering.

Kvit makt-teologi spelte ifølgje han ei nøkkelrolle i utforminga av den amerikanske kyrkja heilt frå byrjinga, og påverka ikkje berre måten kyrkjesamfunn vart danna på, men også kvite kristne sin teologi om sjølve frelsa.

Blindsoner

Jones fortel at han som administrerande direktør i PRRI fleire gonger blir konfrontert med informasjon frå undersøkingar som antyder at kvite kristne har ei betydeleg blindsone når det gjeld raserelatert urettferd og strukturell rasisme.

– I kombinasjon med mi eiga families historie, gjorde mønster i dataa det tydeleg at dette ikkje er ei historie berre om ei fjern fortid, men at dette framleis i stor grad er til stades i DNAet i kvit kristendom i dag, seier han.

Forskaren håper boka kan bidra til at kvite kristne går inn i seg sjølv og anerkjenner òg desse elementa i historia si og kyrkjene sine.

– Ein defensiv reaksjon er ein verkeleg freisting for kvite kristne no. Eit av dei største grepa kvite kristne kan gjera er å prøva å finna ei djup kjensle av audmjukheit og å lytta, og motstå trongen til å motbevisa og forsvara og prøva å ta inn vitnesbyrdet som dei afroamerikanske brørne og søstrene våre prøver å bringa til kvite kristne. KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone