kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Organisasjonar i Tyskland krev prostitusjonsforbod

KPK, Evangelical Focus/
Publisert 27.07.2020
Sekulære og kristne organisasjonar ber saman politikarar forby sexkjøp og viser til den «nordiske modellen» for korleis styresmaktene bør verna utsette kvinner.

Ministerpresidentane for dei tyske delstatane (Länder) og leiarane for dei nasjonale politiske partia har fått eit ope brev der det blir bedt om å få slutt på prostitusjonen i Tyskland.

Tyskland har nokon av dei mest tillatande lovene når det gjeld forbruk av sex, og mange organisasjonar har fordømt dei dårlege forholda som prostituerte kvinner lever i.

I samband med Covid-19-krisa og risikoen for at prostituerte kvinner blir smitta, meiner organisasjonane at styresmaktene bør motstå presset frå «prostitusjonslobbyen» som krev å opna bordella på nytt.

Ser til Norden

I brevet står det òg at staten ikkje skal straffa utsette kvinner som lever i «fattigdom og knapt overlever», men tilby dei «betalt losji». Desse organisasjonane krev at Tyskland implementerer den «nordiske modellen», som straffar kjøparen av sex, og tilbyr prostituerte kvinner økonomisk hjelp, utdanning og psykologisk støtte når det er nødvendig, for å forlata ei verd av seksuell utnytting.

Brevet er sendt av ein brei allianse av organisasjonar som Terre de Femmes, Venstre for ei verda utan prostitusjon, og dei kristne organisasjonane Kainos, Mission Freedom, New Start og Sowoldi.

Ønsker lovendring

Den tyske evangeliske alliansen har uttrykt si støtte til initiativet.

– Unge menn må læra og forstå at kvinner ikkje er eit produkt, seier den politiske representanten Uwe Heimowski til Evangelical Focus.

Nye posisjonar hos enkelte fraksjonar i dei store partia går inn for å gjera prostitusjon ulovleg i Tyskland. Heimowski ønsker dette velkommen og ber dei å «komma med forslag om å endra lova snart»

Dyster statistikk

Statistikk i Tyskland viser ei mørk verkelegheit av prostitusjon der mange er offer for tre alvorlege lovbrot: friheitsberøving, valdtekt og tvungen prostitusjon.

Den kristne plattforma European Freedom Network, som sameinar fleire titals organisasjonar mot menneskehandel i Europa, valde Berlin for konferansen sin i 2017. Dei oppmoda Tyskland til å endra lova for å sikra at inga seksuell utnytting skjer innanfor landegrensene. KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone