kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Sumarstemne av enklaste slag

Gudvangen, Stein
Publisert 10.07.2020
Småbarnsfamilien Åkre vært ikkje dradd mot store kristne stemne. Dei har funne sin feriestad i Bygland der det er låg puls, god forkynning, fint turterreng og lett å få kontakt med alle.

– På området her kan vi berre sleppe ungane laus, seier pappa Jan Arild Åkre.

Han og familien fann sitt sumarstemne berre ein dryg halvtimes køyring frå Evje i Setesdalen der dei bur. På området til Kristen Videregående Skole Bygland har dei vore med campingvogna på bibel- og naturcampen dei siste to åra. 

Campen i Bygland, litt opp i dalen for Evje, er ikkje av dei store og prangande plantene i den kristne stemnefloraen, men ssølv i koronaåret samlar dei bra med folk, for 18. sumaren på rad. Over 100 deltakarar har vore her den andre veka i juli.

Lyngdal Bibelcamp er det store sørlandske trekkplasteret for ferierande i Indremisjonsselskapet (ImF), men for dei som vil ha ei roligare stemneutgåve, finst det eit alternativ. Halvannan time i bil frå Kristiansand har bibelcampen ein lillebror som ikkje gjer fullt så mykje av seg.

Storslått natur

Her er det ikkje antydning til røyk- eller lysshow, og ikkje noko utstyrstungt lovsangsband. Det er ikkje effektane, men det enkle som trekk folk hit, ikkje berre barnefamiliar, men også middelaldrande og eit betydelig antal pensjonistar. Her får dei ei roleg veke med bibelforkynning og sjanser for turar i storslått natur.

Dessutan får dei rikeleg med tid til å nyte omgjevnadene sidan programmet ikkje er tettpakka. Etter frokost og bibeltime har deltakarane seks heile timar til rådvelde for turar i skog og mark og einskilde andre tilbod før det er middag. Lunsjmaten smører dei sjølv under frokosten. På kvelden er det møte att.

­– Traust

Forkynninga er til å kjenne att for dei som soknar til eit heimleg bedehus. I år er Roald Evensen bibeltimehaldar veka igjennom.

Han har undervist om Moses og hans stav. På torsdagen snakka han om Aron og Hur som hjalp Moses med å heve armane ein heil dag slik at israelittane kunne vinne over amalekittane.

Evensen er ein erfaren indremisjonsforkynnar som har reist masse rundt om i Noreg. Han har ofte vore i Lyngdal på bibelcampen der, medan det er første gongen han er talar i Bygland.

– Her er det meir traust, seier Evensen som sjølv ser ut til å trivast godt både på talarstolen og på tur i terrenget rundt skulen i Bygland.  

Påfyll og fellesskap

Jan Arild Åkre (32) er her saman med kona Gurid Kristine og dei tre borna deira, Johannes (8), Rebecca (5) og Samuel (3). I Bygland har dei funne rette feriestaden for seg og sine.

– Her får vi andeleg påfyll og fin fellesskap. Og så er vi på ein mindre plass der det er bra for ungane å vere og dei kan knyte kontakt med andre born. Nokre har dei truffe før, men så treff dei også nokre nye, seier Jan Arild til Kristelig Pressekontor.

Han set óg pris på turterrenget, og midt i veka tok han og kona alle dei tre ungane med på ein nokså lang tur i heiene aust for bygda.

– Ungane kan bli slitne, men det går fint når vi har med litt kjeks og turproviant til å bestikke med, seier Jan Arild med eit smil.

Vi finn han i strandkanten ved eit fiskevatn der Rebecca er ivrig etter å lære å kaste med stanga. Det er ei god oppleving sjølv om det ikkje vert nokon fangst denne gongen.

Kona Gurid Kristine har vakse opp med Lyngdal Bibelcamp, og i løpet av sumaren vert det kanskje eit par dagsvitjingar dit, men korkje ho eller mannen er avhengige av store tilhøve.

– Vi har det så greit her, seier Jan Arild som ikkje vert dratt mot dei store stemna. – Her er det mykje mindre tihøve, og då får vi betre kontakt med folk, både unge og gamle, seier han.

Ville rekruttere

Olav Nilsen (61) er leiar for campen. Det har han vore dei siste åra. Skulen i Bygland er eigd av Indremisjonsforbundet. Han var tidligare eigd av Aust-Agder fylke som dreiv skogskule på staden. I 2003 tok Indremisjonsforbundet over skulen, og allereie etter fyrste skuleåret i 2002-03 tok dåverande rektor Ommund Tveit initiativ til eit sumarstemne.

– Naturopplevingar er det store her, og vi freistar å ha ein aktivitet kvar dag. Vi har hatt eit par turar inn på heia denne veka, men vi har også vore i viltparken Elgtun og på gokart-banen i Evje, seier Nilsen.

– Det var i Ommunds periode som rektor skulen vart bygd opp. Han er ein gründar, og han er stevnegründaren også, seier Nilsen.

– Vi starta eigentleg denne leiren fordi vi ville vise indremisjonsfolket kva skulen vår er for noko, slik at vi kunne få fleire til å kome hit som elevar, fortel Tveit.

– Det kom ein del foreldre med barn og besteforeldre med barnebarn hit, og vi fekk ein del rekruttering ut av det, seier Tveit som 17 år etter er godt nøgd med resultatet av initiativet han tok då han var styrar for skulen i Bygland. KPK

 

Bilete:

TRIVST: Jan Arild Åkre lærer bort stangfiske i eit fjellvatn aust for Bygland til dottera Rebecca (5), medan sonen Samuel (3) ikkje heilt er i gong med slikt enno. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

BIBELTIMAR: Roald Evensen har forkynt om Moses sin stav under bibeltimane rett etter frokost. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

REKRUTTERANDE: – Vi starta eigentleg denne leiren fordi vi ville vise indremisjonsfolket kva skulen vår er for noko, seier den tidlegare rektoren ved KVS Bygland, Ommund Tveit (til høgre), her ved sida av stemneleiar Olav Nilsen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

 

FAKTA

Bibel- og naturcamp KVS Bygland

  • Tid: 5. - 12. juli
  • Stad: Kristen Videregående Skole Bygland, «midt i hjertet av Setesdal».
  • Bibeltimar med Roald Evensen, kveldsmøte med Halvard Myhren.
  • Barnemøte med Regine Austegard og Pascaline Sagbakken.
  • Bibelsamlingar for ungdom med Edvard Foss.
  • Song ved Wigdis Trøim.
  • Deltakarar: Noko over 100, derav 32 barn. 

 

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone