kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Dagfinn gir gratis sumardraumar

Gudvangen, Stein
Publisert 09.07.2020
Dagfinn Lund er fast leverandør av sumarlukke til barn som ikkje hadde trudd dei skulle få seg nokon ferie på Sørlandet.

Solkysten i sør er landsdelen som mange med hytter og landstader trekk til for å feriere. I år er det fleire som gjer dette samstundes enn nokon gong.

Men alle har ikkje råd eller sjansar til slikt utan vidare. Då er det godt at Blå Kors Ferier finst. Kvart år realiserer dei sumardraumar for fleire hundre menneske. Målgruppa er familiar som har rusrelaterte eller psykiske utfordringar, eller som berre har låg inntekt.

Slik får mange som ikkje såg det for seg, flotte sommeropplevingar og godt feriefellesskap. Særleg er det mange barn som får noko å fortelje frå ferien når skulen startar att.

Tidgivere

For at Blå Kors skal greie dette, treng dei folk som Dagfinn Lund. Han er ein av 25-30 såkalla tidgjevarar som ofrar seg for at andre skal ha noko å gle seg over.

– Tidgjevarane våre jobbar ulønna. Dei deltek på og organiserer gratis feriar for folk som ikkje sjølv har råd til det, seier Wenche Tønnessen som er leiar for Blå Kors Ferier, ein landsdekjande verksemd med kontor i Kristiansand.

Vi møter henne eit kvarters køyring frå byen, på Kristiansand Feriesenter Dvergsnestangen, som Den Evangelisk Lutherske Frikirke eig. Dei er ein av fleire samarbeidspartnarar i Blå Kors sitt såkalla Hjerterom-prosjekt. Det går ut på at hotell og campingplassar tilbyr overnatting til dei som er gjester hjå Blå Kors Ferier. Normalt er dette gratis, men i år har det vore vanskelegare for fleire grunna koronakrisa. Ekstra offentlig stønad gjer at Blå Kors likevel kan kjøpe overnattingar til gjestene sine.

I tillegg til dei tilsette i Blå Kors, spelar desse partnarae og tidgjevarane ei sentral rolle.

– Vi har ein fast gjeng med tidgjevarar tilknytta kontoret vårt her, og dei arbeider til saman 19.300 timar i året. Det er de same som 11,4 årsverk, seier Tønnessen til Kristelig Pressekontor.

Ho fortel at nokre av dei er på fire ferieturar over like mange veker om sumaren.

– Har dei ikkje ferie sjølv?

– Dei ser på dette som ein del av sin ferie, og fleire seier dei får meir enn de gir ved å vere med på dette. Det gir dei så mange gode opplevingar, seier Tønnessen.

Ho fortel at mange vert svært audmjuke når dei ser kor store behov andre har.

– Det er det som skjer når dei møter gjestene våre og ser kva det har å seie for dei å vere her. Belønninga er glade barn og uttrykket i andletet og kroppsspråket til nøgde foreldre, seier ho.

Hjertet utapå

Tønnessen medgir at arbeidet dei utfører ikkje er for alle. Ein må vere av det utadvendte slaget og ekstra glad i folk.  

– Du må ha eit brennande engasjement for menneske. Vi som arbeider her, har hjartet på utsida av drakta, seier Tønnessen og legg handa på venstre side av Blå Kors-jakka.

– Det å hjelpe andre og å gi gode ferieopplevingar, er noko å ta med heim og gøyme i hjartet og i minneboka. Det er noko å leve på når sumaren er over, seier ho.

Krabbefangst

Inn fra Østergapet, sjøstykket utanfor Dvergsnestangen, kjem Dagfinn Lund med båten sin. Den er lasta med begeistra ungar og foreldre – og bøtter med levande krabber. Dei har vore eit stykke utover og tømt teiner. No er det tid for å koke krabbane i to store gryter i strandkanten.

Til dagleg har Lund ei halv stilling i Blå Kors som ein slags vaktmeister. Han gjer som fleire andre tilsette som ikkje får nok av Blå Kors i arbeidstida. Derfor er han tidgjevar så ofte han kan. 64-åringen kan knapt få hjelpt nok til når det dreier seg om barn som har det vanskeleg.

– Så dette er ein slags livsstil for deg?

– Det blir jo det, seier han og smiler med eit solbrunt andlet mot sola som er i ferd med å få overtaket over eit stadig tynnare skydekke. Han ler godt når vi spør om han fører timeliste.

Krabbeturen med båten var Dagfinn sin idé.

– I år er det første gongen vi har gjort dette, seier Wenche Tønnessen som fortel at krabbefangst var eit viktig sumarinnslag i hennar eigen oppvekst på Sørlandet.  

Betre enn pengar

Barna og foreldra får vi ikkje snakke med eller fotografere. Personvernomsyn er viktig når Blå Kors byr opp til sumarmoro for familiar som slit. Men Dagfinn Lund fortel openhjertig om sitt eige liv. Det er ikkje heilt tilfeldig at han er så engasjert i Blå Kors.

– Eg har ein bakgrunn med rus og drit og lort, og eg svikta mine eigne barn. Eg veit kva dei har måtta gå igjennom. Derfor er eg med og tenner ein liten gneist for desse barna som er med  på Blå Kors-feriar, seier han.

Barna som kjem i land frå båtturen, har aldri trukke krabbeteiner før, og dei er fyr og flamme over det dei har vore med på.

– No har dei vore med å fange dei. Så spørs det berre om dei likar å ete dei óg, seier Dagfinn og ler. – Det viktige for meg er å få bidra med noko som kan vere til glede. At barna gler seg over desse krabbane, betyr enormt mykje for meg. Det er så viktig at det ikkje kan teljast i pengar, seier han.

Stort behov

Behovet for slike ferieopplevingar er enormt, ifylgje Wenche Tønnessen. Dei held på i åtte veker i sumar, og det er stadig folk som spør om dei kan få kome.

– Kvra dag er det folk som spør om vi har ledige plassar, seier Tønnessen som altfor ofte må skuffe dei som ringer. I alt er det fleire hundre som får en gratis ferieopplevingar med Blå Kors, men kanskje berre ein av fire får positivt svar.

For dei som får kome, vert sumaren noko dei aldri gløymer. Wenche og medarbeidarane hennar har mange samtaler med foreldre som kjem med høge skuldre. Når dei blir trygge, opnar dei seg og fortel om liva sine. Mange aner ikkje korleis dei skal få livet til å gå opp. Når matbudsjettet er trongt til kvardags, vert sumarferie med ungane umogeleg.

– Mange tykkjer det er vanskeleg å snakke om dette. Det kjem masse tårer, seier ho og vert våt i augnekroken sjølv berre av å fortelje om det.

– Ein blir så glad i desse folka som deler historiene sine. Dei takkar oss om att og om att, og vi grin ofte saman med dei, særleg på avskilsdagen når folk skal dra. I Blå Kors er vi nokre skikkelege klemmarar, men i år får vi ikkje klemt nokon, dessverre, seier feriesjefen. KPK

 

TIDGIVER: – Eg vil vere med å tenne ein liten gneist for barna som er med på Blå Kors-feriar, seier Dagfinn Lund. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

I GRYTA: Dagfinn Lund har vore på fjorden med ein flokk med ungar for å fange krabbar. No skal dei kokast. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

PÅGANG: – Kvar dag er det folk som spør om vi har ledige plassar, seier Wenche Tønnessen i Blå Kors Ferier. Ofte må ho skuffe dei som ringer. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

SUMARDRAUM: Mange barn får ferieopplevingar gjennom Blå Kors Ferier som dei elles aldri ville fått. Foto: Wenche Tønnessen.

 

FAKTA

Blå Kors Norge

  • Blå Kors Norge er ein felleskristen, diakonal organisasjon som fremjer rusfridom og hjelper menneske som slit med alkohol eller rus, eller av avhengige av spel, som har psykiske utfordringer og slit med mobbing.
  • Blå Kors vart stifta i 1906 av sokneprest Ole Theodor Moe.
  • Med hovudkontor i Oslo driv Blå Kors behandlingsinstitusjonar, poliklinisk verksemd, arbeid for barn og unge, vidaregåande skular, såkalla gatenære tiltak, boligsenter, lokale stiftingar og foreiningar med meir.
  • Blå Kors Norge har 54 verksemder og kring 1.300 tilsette, dei fleste på ulike institusjonar. Dei har også rundt 1.200 friviljuge, såkalla tidgjevarar, og 2.300 aktive medlemer.

 

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone