kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Furnes fekk bruk for det gamle faget sitt

Gudvangen, Stein
Publisert 07.07.2020
I 2008 då han byrja, ante neppe Erik Furnes at det skulle kome så direkte til nytte i jobben som indremisjonsleiar at han er utdanna dataingeniør.

Appen Meet316 er ein utmerka reiskap no i koronatida, men han var opprinneleg ikkje designa for å tackle smittevernproblema.

Indremisjonsforbundet låg faktisk i framkant av koronakrisa, for Furnes var alt i ferd med å utvikle ein mobilapp til bruk på større arrangement då viruset slo til. Ved starten av året var han i permisjon, og dette var noko av det han planla å drive med i denne perioden.

– Det sto kanskje ikke noko om dette i stillingsbeskrivinga di då du byrja i jobben?

– Nei, men det var yrket mitt å utvikle programvare før jeg byrja i ImF, seier Furnes til Kristelig Pressekontor.

Behov

Han fortel at det trongtest ein konferanse-app og at han såg fram til å jobbe med noko lystbetont som dette i ein fase då han gjekk ut i permisjon. Først hadde han ImF sin leiarkonferanse i tankane, men i mars måtte han lage noko som var tilpassa bibelcampen i Lyngdal viss den skulle bli noko av.

– Vi trengte eit hjelpemiddel til å reservere plassar på forskjellige møtepunkt og til måltider. På veg heim frå USA sveiv tankane mine om at krisa kunne bli langvarig, og det har vore arbeid med tilpasningar til bibelcampen, seier Furnes.

Appen skal, så langt han har høyrt, fungere godt, sjølv om det har vore ei innkøyringstid. Han ser for seg at han kan brukast i ImF-forsamlingar rundt om i landet også utover hausten dersom korona-tiltaka vert oppretthaldne.

Vil dele

– Er dette teknologi de i ImF vil dele med andre?

– Vi vil gjerne dele dette med andre, og det er somme som alt har snust på appen. Vi har også lagt til rette for at andre arrangørar kan nytte seg av han. 

– Kan ImF tjene penger på appen?

– Vi vonar å få dekt nokre utviklingskostnader, så ein liten pris vil vi nok ta for det, men appen er laga med tanke på misjonsorganisasjonar, og vi har ikkje tenkt å gjere oss rike på det. Det kan ikkje bli noka stor inntektskjelde, seier Furnes som meiner det vart «eit dårlig forsøk på permisjon» for hans del sidan han har måtta bruke ein god del tida si på å få Meet316 i drift. KPK

 

Bilete:

TRENGST: – Vi vil gjerne dele appen med andre, og det er somme som alt har snust på han, seier generalsekretær Erik Furnes. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone