kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Sjefen sin app bergar bibelcamp-sumaren  

Gudvangen, Stein
Publisert 07.07.2020
Då nauda var størst, var hjelpa nærast for Indremisjonsforbundet. Med ein datakyndig generalsekretær kan dei lose folk trygt inn i og ut av møte på bibelcampen i Lyngdal.

For mange byrja planane å smuldre hen for store sumararrangement då koronakrisa slo inn i mars. Avlysingene sto etter kvart i kø. Men Indremisjonsforbundet (ImF) visste råd, og vegen var kort til dei gode løysingane. Som så ofte elles er appar på mobiltelefonen samtidas løysing. Så også i kristen-Noreg.

Kanskje har appen Meet316, som ImF sin eigen generalsekretær, Erik Furnes, har utvikla, berga heile bibelcampen og dermed sjølve sumaren for mange.

Avlysning?

– Kva hadde de gjort utan appen?

– Då hadde vi stått her med penn og papir og lister, eller vi hadde ikkje hatt nokon bibelcamp i det heile fordi det ikkje hadde vore forsvarleg med slik drift. Tiltaka vi har sett inn, er heilt naudsynte, seier leirsjef Solveig Hosøy til Kristelig Pressekontor.

Med godt over 1.000 menneske på campen, er det mykje som skal handterast.

– Alle må laste ned appen viss dei skal kome inn på møta. Par og familiar kan gjere det saman, men elles må alle registrere seg i appen kvar for seg før dei kjem, seier Hosøy som synest dette er ein framifrå måte for arrangørane å få oversikt på.

Då kan ein lett finne ut når hovudsalen er full. Når dei har nådd 200 møtedeltakarar, vert salen stengd. Andre må site i sidesalen som også har plass til 200, eller i møteteltet på plena utanfor som tar like mange og som møta vert videooverført til. Dermed har dei i alt plass til 600 personar.

– Eigentleg er det kanskje plass til 800 i salen, seier Solveig Hosøy og peikar rundt seg. Stolane står med ein meters avstand, og tribuna er avstengd. Der får ingen sitte denne sumaren.

Bibelcampen er ikkje full enno. Først når det store innsiget av sumargjester er komne dei næraste dagane, vil systemet få kjørt seg skikkeleg.

Fornøyd med appen

Med Meet316 vert alle møtedeltakarane og alle som skal ha servering, registrerte. Når dei kjem, vert alle kontrollert ved hjelp av ein QR-kode. Dei som bur på campen vert prioritert, men normalt kjem det også ein del folk utanfrå som er på dagstur.

– Tar folk dette med humør?

– Ja, det er lite gretne folk og få som klager, men nokre treng teknisk hjelp med appen. Folk ser ut til å vere veldig nøgde, og dei set pris på at vi tek smittetiltaka seriøst, seier Hosøy som er leirsjef dei to første vekene i sumar og den første som får røynsle med å handtere koronasituasjonen og appen. Hun tykkjer erfaringane har vore positive så langt.    

Barnesykdommer

Åshild Yuen og Nina Sand Jåsund er naboar både heime i Sandnes og på Lyngdal Bibelcamp. I det nokså grå sumarveret held dei voksne damene seg innandørs i stålteltet med kaffi og vaflar på bordet. Om kveldane vil dei gjerne på møte, og i Guds rike er det plass til alle, men ikkje i møtehallen på KVS Lyngdal.

– Det går helt greit når ein får henta ned appen, seier Åshild Yuen som først sleit med nedlastinga, men fekk hjelp av dotter si.

Nina Sand Jåsund har litt blanda røynsler og melder om nokre barnesjukdomar.

– Det har vore litt problem. Eg har lagt inn ein reservasjon, men når vi har kome opp i hallen, har han forsvunne. Det har ordna seg, men det har vore nokre frustrasjonar, og eg trur ikkje dette er like lett for folk i alle aldrar, seier hun.  

Den 30. sommeren

Solveig Hosøy er leirsjef under Lyngdal Bibelcamp for andre sumaren på rad. Ho har 18 års samanhengande teneste som leirmedarbeidar. Ho har før vore ungdomskonsulent i ImF Ung  og tilsett i Nordhordland Indremisjon. For tida er ho reint formelt ute av ImF-systemet fordi ho har tekke arbeid som lærar på Pinserøyrsla sin folkehøgskule ved Mosjøen.

Men når sumaren kjem, er ho ikke tungbedt, men tek eit par veker som leirsjef.

– Eg elskar Lyngdal Bibelcamp. Foreldra mine tok oss med hit heilt sidan eg var liten. Ingenting kunne få oss vekk herifrå, seier Hosøy som i ein alder av 32 kan reknast som bibelcamp-veteran, og tilhøvet til campen er intenst.

– Vi er fire søsken. I barndomen fekk vi tilbod om å dra til Dyreparken i Kristiansand, men det ville vi ikkje, for då måtte vi vere vekke herifrå i ein dag, fortel ho.

Hosøy trur mange var spente på om det vart bibelcamp i år.

– Det hadde vore utroleg kjipt om det ikkje hadde blitt noko av. Det er mange som treng dette, seier ho og minner om at det for mange er månadsvis sidan dei har vore på ei større samling. Derfor er det ekstra verdifullt at bibelcampen kunne haldast.

Surt ville det også vore for hennar eigen del.

– Ja, då ville jo gullrekka mi med 30 år på rad på bibelcampen blitt øydelagd, seier ho med eit smil.  

– Viktig

Ho seier at bibelcampen er mellom dei aller viktigaste møtestadene organisasjonen har, og ho er viss på at den har mykje å seie for langt fleire enn henne sjølv.

– Å kome saman som misjonsfolk er viktig. Her vert ein introdusert for det arbeidet ImF gjer gjennom heile året. Det har mykje å seie. Bibelcampen når ut til utruleg mange ulike menneske, ikkje berre folk frå indremisjonssamanhengar, men frå andre miljø. Det er dessutan mange unge som tek sine første steg som leiar her og får god trening. Her ber dei for første gong høgt og er med på leiarsamlingar. Dei får tillit, og det er stort. Dette er den vegen eg har gått sjølv også, seier Hosøy. KPK

 

Bilete:

KRAV: – Alle må laste ned appen viss dei skal kome inn på møta, seier Solveig Hosøy som synest appen Meet316 fungerer bra. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

SMITTEVERN: – Tiltaka vi har sett inn, er heilt naudsynte, seier leirsjef Solveig Hosøy som tek i eit tak med handspriten for å halde handtaket på inngangsdøra smittefritt. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

STARTVANSKAR: – Det har vore litt problem med appen, melder Nina Sand Jåsund (til høgre) som held til på Lyngdal Bibelcamp saman med naboen Åshild Yuen. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

 

FAKTA

Lyngdal Bibelcamp

  • Vert arrangert av Indremisjonsforbundet kvar sumar.
  • Tid: 22. juni til 9. august.
  • Stad: KVS Lyngdal på Agnefest i Lyngdal.
  • Til stades: Cirka 1.000 personar.

 

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone