kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Middelalderforfattar med 40 års forseinking

Gudvangen, Stein
Publisert 07.07.2020
Tor Bertel Løvgren er av predikantslekt. Sjølv om kristen tru er viktig i romantrilogien han snart har fullført, er han ingen forkynnande forfattar.

Likevel er det dei store spørsmåla i tilveret han handsamar i trilogien om namnebrørne Tord Jonsson og Tord Sigurdsson.

Hovudfigurane hans lever i kvar si epoke, men jagar etter same svaret, Jonsson på 1980-talet, Sigurdsson 800 år før. Det store spørsmålet i Løvgren sine bøker er om livet har meining.

Vågde ikkje

Som ung turte ikkje Løvgren satse som forfatter, så han tok kjemifag i staden. Samstundes skreiv han heile tida dikt, noveller, bibelfunderingar og viser. Først då han vart pensjonist, kunne han vie tida si heilt til forfattarskapen, og snart kjem 71-åringen sin tredje roman.

– Norsk og historie var mine favorittfag på skulen. Derfor byrja eg å studere realfag, seier Tor Bertel Løvgren til Kristelig Pressekontor.

Han himlar med augene sidan han veit at utsagnet ikkje gjev meining.

– Eg hadde ikkje heilt trua på meg sjølv, at eg kunne drive dette til noko levebrød, forklarer pensjonisten som no ikkje treng å tenke på inntektene, men kan konsentrere seg heilt om skrivinga. Det er det blitt kring 1500 tettpakka boksider av.

Løvgren utdanna seg til fysiokjemikar, eller bioingeniør som det vert kalla no. Etter militæret vart det jobb og vidareutdanning i Oslo der han tidleg på 70-talet traff ei hyggeleg dame frå Hallingdal. I 1974 gifta han seg med Kari-Margrete Rensel, og i 1978 flytta dei til Skien. Ho er ikkje berre ektemake og mor, men også eit slag agent for forfattarmannen sin som likar seg betre i skrivestova i sveitservillaen enn i selgjarrolla.  

Forfattarfamilie

Han vaks opp i Larvik, og som forfattar har han noko å slekte på. Morfaren, Johan Filip Løvgren, skreiv ikkje mindre enn 13 romanar. Han var predikant i Den Evangelisk Lutherske Frikirke med rykte som ein rykande god forkynnar: «I bøkene hans merker vi vekkelsens klare tone. Han er opptatt av at folk må våkne opp både fra syndeliv og fariseisme. Forventningen om Jesu snarlige gjenkomst er også et tydelig trekk», lyder det i artkkelen om han på nettstaden Lokalhistoriewiki.

Forfattaren Alfred Hauge ga han eit godt skussmål: «Men slik ein talar! – og med slik biletskapande evne. Eg trur knapt eg har høyrt hans like slik».

Barnebarnet Tor Bertel er ikkje direkte forkynnande, men meiner han har arva noko.

– Dette ligg der i bakgrunnen. Eg trur eg har med meg ein del av biletspråket hans. Det sit i ryggmargen, sjølv om eg har ei langt mildare tilnærming når det er snakk om tru. Eg har eit ambivalent tilhøve til forfattarskapen hans. Han var såpass markant. Når du er ung, kan du bli skremt, og eg var ikkje så hardhuda. Men morfar skreiv veldig godt, seier Tor Bertel som fann kontoret hans med den gamle skrivemaskina og andre rekvisittar inspirerande.

Begge forfattarane er eksistensielle, men der morfaren hadde eit alvorstungt endetidspreg, er barnebarnet meir neddempa. Dei kristne elementa i bøkene er ikkje heilt oppe i dagen. Han ynskjer at alle, uansett ståstad, kan nærme seg tematikk og innhald og bli berika.

Gregorius Dagsson

Då Kari-Margrete og Tor Bertel flytta til Skien, hamna dei først i Gregorius Dagssons gate på Borgestad, aust for Skienselva. Det skulle få fylgjer. Den nysgjerrige forfattaren oppdaga gradvis kven mannen var som hadde gjeve namn til gata dei budde i. Det opna ei dør til forgangne tider – og ein romantrilogi det har teke 15-20 år å modne.

– Eg blei meir og meir nysgjerrig på kven Dagsson var, så eg las Snorre, sette meg inn i lokalhistoria og oppdaga mellom anna ruinane av kapitelkyrkja i Skien. Den var reist av lendmann Dagsson sin far, seier Løvgren som så brukte år på å sette seg inn i 1100-tallet si historie og ufredstida der kongssønene Inge Krokrygg og halvbrørne Sigurd Munn og Øystein Haraldsson kjempa om makta i Noreg. Kong Inge vann, og her kjem Dagsson inn. Han var kongen sin mektige rådgiver, og det vert sagt at han hadde meir makt enn kongen sjølv.

Reise i tid

Inn i dette teppet vever Løvgren dei to hovudkarakterane sine, gjennom eit uvanlig forteljargrep.

– Via ein del hendingar kjem Tord Jonsson inn i middelalderen. Eller han trur han gjer det, seier forfattaren og forklarer: – Det er ikkje naudsynlegvis ei tidsreise, men psykologisk er det eit tidshopp, seier Løvgren som lettar litt på sløret.

– 80-talls-Tord ber på eit traume. Då er det freistande å rømme inn i ei anna verd. Det skjer ei ulykke, og han vert lagt i koma. I den komatøse tilstanden opplever han middelalderverda, seier han og fortel at medisinering kan forklare at ein «reiser» på denne måten om ein ikkje er ved fullt medvit.

– Grepet mitt i bøkene er å legge 80-talls- og middelalderforteljinga så nær kvarandre at dei smelter saman. Eg let Tord Jonsson «oppleve» middelalderen i Skien, dagleglivet og dei mange sjøreisene og slaga langs kysten. Alt dette gjev innblikk i norsk historie. Eg vart sjølv meir og meir oppslukt av 1100-talet. Dermed vart det tre bøker. I den siste skriv eg om Sigurdsson sine opplevingar i Europa og Midtausten. Eg skreiv bøkene relativt fort. Det som har teke tid, er redigeringa og historiestudia, fortel han.

Har livet meining?

Løvgren meiner folk i Skien kan ha godt av å oppdage at byen si forhistorie handlar om mykje meir enn Henrik Ibsen. Han sel ein del bøker lokalt, men dette er langt meir enn lokalhistorie sidan forteljinga famnar geografisk vidt.

– Somme har gitt meg verkelig gode tilbakemeldingar og forstått kjernen i det eg freistar å seie.

– Kva er denne kjernen?

– Det er nok ikkje éin kjerne, men fleire trådar. Eg spør kven vi er djupast sett, uavhengig av tid, stad og omstende. Er vi eit produkt av slump, eller har livet ei djupare meining? Var livet meiningsfullt i middelalderen då det var krig og ufred? Og kva er meininga med livet i vår tid? Dette er sentralt i det eg ynskjer å få fram, seier han.

Løvgren sine to Tord-ar lever 800 år frå kvarandre, men har likevel mykje sams.

– Dei baskar begge med venskap, kjærleik, sjalusi, intriger og ufred. Eg beskriv så realistisk eg kan, det som er øydeleggjande i livet, men så freistar eg også å peike på dei tinga som gjev livet meining, seier Tor Bertel Løvgren.

– Du kjem av predikantslekt. Ligg det ein andeleg bodskap i bøkene dine?

– Eg ynskjer å skrive god litteratur. Andre får avgjere om eg får det til. Så får trua kome inn der det er naturleg. Om eg kan rydde vekk ein del steinar som hindrar folk i å bli nysgjerrige på kristen tru, er eg takksam. Eg vil gjerne skrive sånn at det vert sant om menneske og om Gud, så langt eg har ei forestilling om det. KPK

 

Bilete:

STUDIER: – Eg vart oppslukt av 1100-tallet og skreiv bøkene relativt fort. Det som har teke tid, er redigeringa og historiestudia, fortel Tor Bertel Løvgren. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

FORSINKA: – Eg hadde ikkje heilt trua på meg sjølv, at eg kunne drive det til noko levebrød som forfatter, forklarer Tor Bertel Løvgren som endeleg som pensjonist kan vere forfattar på heiltid. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

BILETE: Tor Bertel Løvgren meistrar fleire sjangre. I bøkene sine maler han tidsbilete, medan veggane heime i stova er smykka med bilete han har malt med pensel. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

TRU: – Eg vil gjerne skrive sånn at det blir sant om menneske og om Gud, så langt eg har ei forestilling om det, seier Tor Bertel Løvgren. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

 

FAKTA

Tor Bertel Løvgren

  • Tor Bertel Løvgren (tidligare Johansson) er ein norsk forfattar, fødd i Larvik i 1949 og oppvaksen same staden, men busett i Skien sidan 1978.
  • Han har gjeve ut diktsamlinga Småsten blant klipper (1978) på Luther Forlag og Tiden er en fugl i min hage (2007) på Serubabel Forlag samt prosaboka De så Ham – Mennesker rundt Jesus (2015), med Proklamedia som forlag.
  • I 2018 kom Sverddrengen, den første boka i ein historisk trilogi. Bueskytteren kom i 2020, medan Pilegrimen kjem i 2021, alle på eige forlag.
Relaterte artikler



Powered by Cornerstone