kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Rekordhøg søking til kyrkjestudiar

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 29.06.2020
Studiar som kan føra til jobb i kyrkja har ein auke på nesten 30 prosent i år samanlikna med i fjor, men kyrkja treng endå fleire då mange går av med pensjon dei neste ti åra.

Denne våren har mange kommande studentar søkt seg til studiar innanfor for teologi, kyrkjemusikk, diakoni og kyrkjeleg undervisning. Det melder Den norske kyrkja i ei pressemelding.

Alle kyrkjefagstudium har ein oppgang i talet på søkarar og tala viser at det særleg innanfor diakonien er ein kraftig oppgang, frå 39 til 68 søkarar. Tre fleire studentar har søkt seg til høvesvis teologistudiet og kateketstudiet, medan fire fleire enn i fjor har valt kyrkjemusikk.

Til saman har 182 personar søkt seg til utdanning i 2020 som kan føra til jobb i kyrkja. Den norske kyrkja tolkar oppgangen på nesten 30 prosent, frå 143 søkarar i fjor, som at stadig fleire kan tenka seg Den norske kyrkja som framtidig arbeidsplass.

– Dette er gledelege tal som seier noko om at fleire ønsker å jobba i kyrkja. Tala er eit resultat av målretta arbeid med kyrkjeleg rekruttering, der både studiestader, fagforeiningar, arbeidsgivarar og Kyrkjerådet satsar for å rekruttera breitt til jobb i kyrkja, seier Kristin Gunleiksrud Raaum, vald leiar i Kyrkjerådet, i pressemeldinga.

Årets rekordtal er ifølgje Dnk ei fortsetjing av ei positiv utvikling som starta i 2018. Dei ser likevel behov for at endå fleire vel kyrkjefagstudium, då gjennomsnittsalderen på særleg prestar er høg. I løpet av ti år vil omtrent kvar tredje prest gå av med pensjon.

– Vi har ein stor jobb å gjera òg dei neste åra, og vi ser at rekrutteringssatsing nyttar. Vi trur denne spesielle våren får mange til å sikta seg inn mot arbeid med menneske og verdiar. I denne tida har òg mange opplevd at kyrkja er viktig i livet til menneske, og det er forventningar om at kyrkja er open og til stades. I tillegg har vi som kyrkje ein unik bodskap og ei formidling av håp som ikkje mange kan matcha, det trur eg fleire unge og vaksne vil vera med å formidla, avsluttar kyrkjerådsleiaren. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone