kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

– Takksam for at kjønn ikkje var tema

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 26.06.2020
Kaja Burhol Austad (27) vart nyleg første kvinne til å bli ordinert som prest i Flekkefjord kyrkje. Samtidig har nyordinerte prestar i England for første gong eit kvinneleg fleirtal.

Søndag 21. juni vart Kaja Burhol Austad ordinert av biskop Stein Reinertsen i Flekkefjord kyrkje. Dermed vart ho den aller første kvinnelege presten til å bli ordinert i Flekkefjord.

– Eg kjenner meg aller mest takksam for at tidene har forandra seg og at kjønn ikkje var eit tema då eg skulle bli ordinert, seier Burhol Austad til Kristelig Pressekontor (KPK).

Ho fortel at for 20 år sidan måtte ein kvinneleg prest frå Flekkefjord dra til Moi i Stavanger bispedømme for å bli ordinert då den dåverande biskopen i Agder ikkje ville ordinera kvinner.

 – Det var flott å kunna bli ordinert på staden eg vaks opp, seier den nyordinerte presten som no skal jobba i Tyristrand og Hole kyrkjelyd i Ringerike kommune.

Over halvparten i England

I følgje nyleg publiserte tal utgjorde kvinner 51% av førsteordinasjonen av 570 prestar (deacon) i Den engelske kyrkja i fjor. Det er første gong kvinner utgjer fleirtalet av dei nyleg ordinerte i Den engelske kyrkja, skriv nettstaden Christian Today.

Den engelske kyrkja opererer med det såkalla treledda embete (deacon – priest - bishop) der ordinasjon til deacon er første steg til å bli prest, ulikt diakonar i Noreg som har ei eiga likestilt teneste.

Den nye statistikken viser òg at kvinner utgjorde rundt ein tredel (32%) av det aktive presteskapet til Den engelske kyrkja i 2019, og innehar ei aukande mengde seniorstillingar, som biskopar, erkediakonar og katedraldekanar, med ein auke frå ein kvart i 2018 til 27 % i fjor.

– Dei siste åra har det vore eit aukande mangfald blant våre geistlige, men vi vil ikkje vera tilfredse før dei som er i offentleg teneste verkeleg speglar heile kyrkja og samfunna dei tener, seier direktøren for Ministry of the Church of England, biskop Chris Goldsmith.

Biskopen av Derby, Libby Lane, som var den første kvinnelege biskopen i Den engelske kyrkja, takkar Gud for at kvinner no har eit tydeleg og synleg nærvær blant presteskapet i kyrkja.

– Likevel er det framleis andre underrepresenterte grupper viss kall til ordinasjon blir sakna. Eg ber om at det vi har lært ved å oppmuntra kvinner kan utgjera ein forskjell for dei som enno ikkje er anerkjente, så presteskapet i Den engelske kyrkja på alle nivå betre reflekterer det strålande mangfaldet i landet vårt, seier ho.

Over ein tredel i Noreg

Burhol Austad er positivt overraska over at kyrkja i England, som først fekk ein kvinneleg biskop i 2015, 22 år etter Den norske kyrkja i 1993, no har overvekt av kvinner blant dei ordinerte.

– Eg tenker at det går rett veg både der og her i Noreg. På teologistudiet på MF var det òg god kjønnsfordeling blant prestestudentane, seier ho.

Den norske kyrkja har ikkje ein samla statistikk over ordinasjonar, men leiar for Kyrkjerådet Kristin Gunleiksrud Raaum fortel at 36 prosent av prestane i Dnk er kvinner.

– Likestilling i kyrkja kjem ikkje av seg sjølv, den er det mange som har måtta jobba for. I 2019 var 40 % av dei som vart tilsett i presteskapet kvinner, det er eg glad for. Eg er opptatt av at dei rette personane finn vegen fram til jobb i Den norske kyrkja, og då må ikkje forhold som kjønn eller seksuell identitet blir brukt til å stenga nokon ute, skriv ho i ein e-post til KPK.

Blir møtt ulikt

Nyordinerte Burhol Austad har ikkje opplevd at kjønn har vore eit stort tema, verken på studiane eller som sommarvikarprest fleire år i Molde.

– Men eg merkar framleis at mange har ei forventning om at ein prest er ein mann på 50 pluss. Eg håper folk på sikt kan få eit meir mangfaldig bilde av kva ein prest kan vera, både når det gjeld kjønn og alder, seier ho.

Burhol Austad er gift med Jacob Breda Antonsen som òg er prest og vart ordinert i fjor. Dei har glede av erfaringane til kvarandre men opplever å bli møtt veldig ulikt som prestar

– Det er tydeleg at folk framleis forventar å sjå ein mann. Jacob får aldri kommentarar verken på utsjånad eller kjønn, medan eg får det i mykje større grad. Det er jo interessant å sjå kor stor forskjell det er. KPK

 

Bildetekster:

FØRSTE KVINNE: Kaja Burhol Austad er første kvinne til å bli ordinert i Flekkefjord kyrkje. Ho føler likestillinga i kyrkja er på rett veg. FOTO: Kirsti Rom

MERKAR FORSKJELL: Ekteparet Jacob Breda Antonsen og Kaja Burhol Austad opplever at dei som prestar blir møtt med ulike forventningar og kommentarar. FOTO: Kirsti Rom

KJEM IKKJE AV SEG SJØLV: Leiar av Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, er glad for at 40 prosent av dei som vart tilsette som prestar i Dnk i 2019 var kvinner, men minner om at likestillinga ikkje kjem av seg sjølv og må jobbast for. FOTO: Kyrkjerådet

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone