kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Til forsvar for gudstru med Øystein og Einstein

Gudvangen, Stein
Publisert 25.06.2020
Prestesonen Chris Duwe hadde ein dels ugrei oppvekst med rus og kriminalitet. Ni nyttar buktalaren YouTube til å formidle kristen tru og trusforsvar til barn og unge.

Christian Tobias Duwe (43) – til dagleg berre Chris – er ein internasjonal tyskar og ikkje ein du trur du vil treffe på eit småbruk på Hedmarken. Men her inne i skogen, i det norskaste av det norske, bur og arbeider mannen som har dokka Øystein som si venstre hand.

Nyleg fekk han stipend frå Tro & Medier for å fremme «kristen tro og gode verdier». 50.000 kroner rikare satsar han no endå meir på sine kreative prosessar mellom brekande sauer og elg på havreslang. I låvekjellaren tek alt form og blir til fengande program for barn og ungdom på videokanalen YouTube med songar og leiker, humor og alvor.

– Stipendet var eit veldig klapp på skuldra. Det betyr mykje at dei heier på meg som ein norsk youtubar. Det er kjekt å få høve til å få tak i ei betre datamaskin som gjer programma betre. Då kan eg konsentrere meg meir om innhaldet, seier Duwe til Kristelig Pressekontor. Han hadde gjerne sett at det vart delt ut fleire stipend til unge kristne youtubarar. – For vi treng fleire kristne influensarar, seier han.

Chris & Øystein

Chris er mest kjend for scene- og videoopptredenar med Øystein. Øystein vart fødd som ein sokk med to auger, inspirert av ein kristen buktalar Chris traff i Nord-Irland. Førsteutgåva av dokka såg dagens lys i Høland der Chris budde ei stund.

– Han er som ein slags Emil på ni år, går i 4. klasse, er svært nysgjerrig og gjer av og til nokre dumme feil. Og når Øystein byrjar å dumme seg ut, forstår ungane at dei er flinkare enn han er, og då opnar dei seg og det blir ein dialog, forklarer Chris.  

Innbrot og rus

Chris vart fødd i Tyskland, som luthersk presteson, og hadde barndomen der. Det meste av tenåra budde han i Sør-Afrika der faren fekk ei prestestilling. Men å vere prestebarn garanterte ikkje for ein knirkefri oppvekst og ei uforstyrra barnetru.

– Då eg var 12-13 år, var eg med i ein gjeng som dreiv med innbrot og butikktjuveri. Vi stal alkohol som vi drakk og vart rusa. Ein gong var vi inne i huset til ein hundeklubb, og eg stal eit våpen som hang der, fortel Chris openhjertig.

Han greidde å skjule dette for foreldra og fekk nokon til å levere attende våpenet. Først nokre år seinare, då han var blitt kristen, snakka han med foreldra om alt dette.

– Vi dreiv med det for spenningen si skuld. Konsekvenstenkinga var svak, seier eks-rabagasten som hjelper barn og unge med det eksistensielle. Men hans eigen veg til trua var kronglete.

– Det var ikkje noka lysbrytaroppleving for meg å bli kjend med Jesus, seier han og fortel om ein gut på skulen som kom attende frå eit utvekslingsopphald i Tyskland. Han var blitt kristen.

– Eg var interessert i Jesus, og det kameraten min fortalde, påvirka meg. Eg var 16-17 år og vart med å starte ein guteklubb. Vi visste ikkje heilt kva vi dreiv med, men heldt andaktar og ba. Vi prøvde å finne ut kva det var å vere kristen. Mange gutar samla seg, og eeg vart kristen der. Det var spesielt, seier Chris og snakkar om det som «ei lita vekking».

Anastasis

Etter at han vart kristen, tok han bibelskule på Anastasis, Mercy Ships sitt flaggskip. Dette vart også inngangen til Ungdom i Oppdrag som han framleis er tilknytta.

Skipet sigla frå Sør-Afrika til Plymouth i England. Etterpå vart han med ein norsk UIO-ven til Høland i Noreg, fekk tilbod om jobb i ein snekkarverkstad og vart møbelsnekkar. Samstundes lærte han seg norsk. Det tok han seks veker.

– Eg skreiv ned alle nye ord eg høyrde og gjekk over lista på kveldane, forklarer han.

Chris snakkar tysk, engelsk, afrikaans og norsk samt noko fransk. For å kunne lese Det nye testamente på grunnteksta, har han studert gresk. Han har teke kommunikasjon og livssyn på NLA Høgskolen i Kristiansand og lest seg opp på filosofi, erkjenningsteori og historie. Alt dette kan det bli ein grad av, men no nyttar han kreftene på å spreie bodskapen om Jesus.

– Det eg kan, er vanskeleg å måle i studiepoeng, seier han og lever etter noko Einstein skal ha sagt: «Kan du ikkje forklare det du veit til ein 7-åring, har du ikkje forstått det godt nok».

– Tynt grunnlag

Chris Duwe er også ein ivrig trusforsvarar.

– Alle trur på noko, og mange trur på Jesus. Men når det gjeld grunnlaget for trua, er det ofte tynt. Eg ynskjer at folk skal tenke at Bibelen er sann og at Jesus er Guds son, men også at dei skal få ei djupare erkjenning av kvifor. Alle treng ikkje å bli ekspertar på evolusjon og skaping, eller historisk filosofi, men alle treng objektive haldepunkt for at Bibelen held mål, seier Chris og snakkar om korleis Albert Einstein, Edwin Hubble og Georges Lemaître fann ut at universet har ei byrjing sidan det utvider seg.

Han vil gjerne formidle ei røyndomsnær gudstro.

– Om trua er heilt avhengig av bønesvar, kva da når du ikkje får svar? Bønesvar er ikkje det einaste som underbygger Guds eksistens. Det finst tusenvis av andre grunnar til å hevde at han eksisterer. Det fortener folk å høyre. Trua på at Gud finst, er basert på røynda, ikkje blind ynskjetenking. Eg er nok eigentlig filosof, men eg freistar å pakke ting ut slik at folk kan nytte det. Eg er også kunstnar, og eg må alltid lage noko, anten eg bygger atelier til kona, dyrkar havre i åkeren eller lagar songar og videoar. Og så elskar eg å skrive barnebøker.

Fire barn

Chris har flakka litt rundt, men no har han bodd lenger i Noreg enn i Tyskland og Sør-Afrika. Norsken er flytande, og du kan knapt avsløre han på tonefallet. I 2010 traff Chris norske Aslaug. Dei gifta seg i 2011 – i det gamle eldhuset på småbruket dei kjøpte året før på Støhøgda i Stange. På småbruket blomstrar livet. Aslaug og Chris har ei dotter og tre søner i aldersspennet 7, 5, 3 og 1 år. Kor norsk han enn er, så er Chris framleis tysk statsborgar, og heime snakkar han konsekvent tysk med ungane, også med eittåringen.

Her tasser hønene fritt ikring, fire temmelig sosiale sauer spring over jordene, haren ser dei stendig, og når hausten kjem, sleng elgen innom for å tygge havren Chris har sådd. Motmiddelet er eit musikkanlegg med store høgttalarar og Folsom Prison Blues og andre songar av Johnny Cash. Det likar skogens konge dårleg, og dermed får havren stå i fred. Det Chris legg mest vekt på, er likevel at det gror i Guds rike:

– Det viktigaste er at eg og min familie kan leve for og med Jesus og få med oss fleire på vegen. Eg skal juble om dét kan stå på gravsteinen min, seier småbrukar, youtubar og buktalar Chris Duwe. KPK

 

Bilete:

VELBEGRUNNA: – Det finst tusenvis av grunnar til å hevde at Gud finst, sier Chris Duwe som selv hadde en kronglete trosvei. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

PARTNARA: – Øystein er som ein slags Emil på ni år, går i 4. klasse, er svært nysgjerrig og gjer av og til nokre dumme feil, seier Chris om si «venstre hand». Foto: UIO Grimerud.

SMÅBRUKAR: Når han ikkje lagar videoprogram om tru, kan Chris slå av ein prat med dei fire sauene sine. Det kan han bli kreativ av, seier han. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

 

FAKTA

Chris Duwe

  • Christian Tobias Duwe (43) er en tysk-norsk buktalar, youtubar og småbrukar som forkynner mest for barn og ungdom.
  • Han er særleg kjend for «samarbeidet» med dokka Øystein som er med på mange av videoane hans og som er å finne på YouTube og Facebook.
  • Duwe har gjeve ut fem CD-plater på norsk og ei på tysk. Han har også skrive bøker for barn og ungdom, mellom anna ei bok om korleis ei kan unngå pornografi på nettet: Klikk her, Thomas (2017).
Relaterte artikler



Powered by Cornerstone