kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Vil stoppa film med kvinnelig Jesus

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 23.06.2020
Michael Jacksons dotter Paris Jackson (22) skal portrettera ein kvinneleg versjon av Jesus i filmen Habit. Fleire kristne organisasjonar protesterer.

Mellom anna har nettstaden Christian News Network, den kristne medieorganisasjonen Movieguide og kampanjeorganisasjonen Return to Order starta underskriftskampanjar for å få filmen stansa. Sistnemnde har over 53 000 underskrift så langt.

Filmen «Habit», som for tida er i postproduksjon, handlar ifølgje ei pressemelding om «ei gatesmart, festjente med ein Jesus-fetisj som blir blanda inn i ein valdeleg narkotikahandel og finn ein mogleg utveg ved å forkleda seg som ei nonne».Dette skriv underhaldningsnettstaden ET online.

Hovudrolla blir spelt av skodespelaren Bella Thorne som også står som eksekutiv produsent på filmen.

Kvinnelig Jesus med nasering

På eit stillbilde som er sleppt frå filmen blir Jackson vist i rolla som Jesus med rufsete hår og ring i nasen. Av det som blir vist av kleda kan det sjå ut som om ho har ein kvit kjortel med raudt klede over skuldra, ein påkledning Jesus ofte er framstilt med i måleri og illustrasjonar.

Christian News Network, som i skrivande stund nærmar seg 3000 underskrifter mot filmen, kallar den blasfemisk og Movieguide skriv at filmen er uakseptabel for truande i landet og verda rundt.

«Unaturleg og vulgær»

Organisasjonen Return to Order, som baserer arbeidet sitt på ei prislønt bok av John Horvat II, skriv dette på underskriftskampanjen sin retta mot produksjonsselskapet Elevated Films:

«Sjølve Kristus-personen blir ikkje berre framstilt i ei umoralsk setting, men òg på ein måte som er heilt i strid med den menneskelege naturen hans. Vår Herre var alltid tolmodig med sjølv dei lågaste syndarar. Men han kalla dei alltid til omvending og angar. Denne skildringa gjer han unaturleg og vulgær». KPK

Bildetekst

SPELER JESUS: Paris Jackson, som er den avdøde popartisten Michael Jacksons dotter, skal spela ein kvinnelig Jesus-skikkelse i filmen Habit. FOTO: Voltage Pictures

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone