kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Biskop Midttømme i Stefanusalliansens styre

Publisert 19.06.2020
Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, er valt inn i styret for Stefanusalliansen for ein periode på 3 år.

Dette melder Stefanusalliansen i ei pressemelding. Ifølgje den har Midttømme lenge hatt eit sterkt internasjonalt engasjement, mellom anna har ho i ei årrekkje sete i styret i Kirkens Nødhjelp der ho nyleg avslutta valperioden sin.

Saman med eit samla bispekollegium besøkte Midttømme i januar i fjor Stefanusalliansens viktigaste partnarar i Egypt: Mama Maggies arbeid i Kairos «søppelby» og den koptiske ortodokse biskopen Thomas på den store retreat- og undervisningstaden Anafora nord for Kairo.

Gunnar Dehli vart attvalt til styret for ein periode på 3 år. Han vart òg attvalt til vervet som styreleiar.

I styret i Stefanusalliansen sit elles: Emil André Erstad, Trond Pladsen, Ragnar Sagdahl (nestleiar) og Silje Wiig-Abban. Johannes Morken er vald som representanten til dei tilsette.

I pressemeldinga blir det òg fortald at 2019 var det beste gåveåret nokosinne for Stefanusalliansen. Starten på 2020 har òg vore god, over både budsjett og fjoråret.

Stefanusalliansen fortel at ei rekke partnarar i innpå 20 land har vore sterkt prega av koronakrisa. Fleire av dei har omdisponert middel for mellom anna å kunna dela ut mat til akutt trengande – i land som Egypt og i Pakistan.

LAST NED NOTISA PÅ NYNORASK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone