kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

– Noreg bør stilla høgare klimakrav i FN

Publisert 19.06.2020
Kirkens Nødhjelp meiner Noreg må løfta samanhengen mellom klima og konflikt inn i Tryggingsrådet i FN og stilla strengare krav til samla handtering av desse utfordringane.

Omtrent samtidig som det har vorte klart at Noreg får ein plass i Tryggingsrådet i FN i to år lanserer Kirkens Nødhjelp ein rapport om samanhengen mellom klima og konflikt.

– Klimaendringane er i aukande grad eit tryggingsspørsmål og det må få tyding for Tryggingsrådets arbeid. Her kan Noreg spela ei rolle, men då må innsatsen styrkast betrakteleg, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Dagfinn Høybråten.

Han meiner Noreg bør heva sine ambisjonar i FN og stille strengare krav.

– Noreg bør vera meir krevjande nokre år og følgja mykje tettare på dei styrande organa og komma med klare instruksar.

Rapporten «Winning the Peace», som vart lansert fredag 19. juni, er basert på feltarbeid gjort i Mali og Somalia, to land som lenge har vore herja av krig og konflikt og som no ifølgje KN opplever å stadvis bli så hardt ramma av klimaendringane, at livsgrunnlaget til delar av befolkninga blir trua.

– Klimautfordringane skjer no

Rapporten er eit samarbeid mellom Kirkens Nødhjelp, Folkekirkens Nødhjælp i Danmark og ACT Alliance.

– Hovudfunna våre viser at i Somalia og Mali, som i andre land, representerer klimaforandringar og [valdelege] konfliktar i aukande grad utfordringar som er kopla saman, seier hovudforfattaren av rapporten Hannah Grene.

Ho påpeikar at ein i Vesten har ein tendens til å omtala klimaforandringar som ein trussel om noko som kan skje i framtida.

– Dessverre er det smerteleg klart frå respondentane våre at katastrofen for dei skjer no.

Rapporten tilrår mellom anna at regjeringar og givarar umiddelbart prioriterer klimatilpassingsprosjekt og at lokale styresmakter og lokale organisasjonar er med på utarbeidinga av slike prosjekt.

Vil fremma klima i tryggingsrådet

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Jens Frølich Holte (H), deltok på lanseringa på Sentralen i Oslo, der han mellom anna diskuterte korleis Noreg skal bidra til å sikra fred og stabilitet gjennom klimatiltak i bistanden med stortingsrepresentant Jette Christensen (AP).

– Dette er ein veldig bra rapport som understrekar det vi har sett dei siste åra, at klimatilpassing er eit område der vi må satsa meir, seier Frølich Holte til Kristelig Pressekontor.

Han påpeikar at dei faste medlemmene i FNs tryggingsråd (USA, Kina, Russland, Storbritannia og Frankrike, journ. anm.) er skeptiske til å diskutera klimautfordringar der, og trur det blir ei krevjande oppgåve å løfta desse problemstillingane i rådet.

– Vi må ta innover oss at det er ei klar kopling mellom klima og tryggingspolitikk og for å få gjennomslag må vi vera smarte. Vi vil sjå på strukturelle grep og prøva å få inn klima i resolusjonar og mandat som blir vedtatt i Tryggingsrådet og få det med i analysane i forkant av avgjerdene i rådet.

Òg Jette Christensen meiner Noreg må løfta desse problemstillingane.

– Noko av det viktigaste Noreg kan bidra med i Tryggingsrådet er å slå fast at klimakrisa er ei tryggingskrise og gi det den tyngda som det treng for å bli tatt på alvor, seier ho.

– Må tilpassa bistand

Høybråten påpeikar at Noreg har forpliktingar i Paris-avtalen til å støtta fattige land å tilpassa seg.

– Dessverre ser vi at Noreg ikkje lever opp til dette. Berre ti prosent av norsk klimabistand går til tilpassingsprosjekt, medan Paris-avtalen seier at det skal ligga på oppimot 50 prosent. Det trengst derfor ein kraftig oppskalering frå regjeringa si side før vi innfrir den rettferdige delen vår, seier KN-generalen.

Han får støtte av Christensen som meiner Noreg må prioritera eigne bistandspengar til klimatiltak for slik å forsterka argumenta inn i Tryggingsrådet.

– Vi treng ein heilskapleg gjennomgang av korleis norsk bistand fungerer og må tenka nytt om korleis vi innrettar bistanden vår, seier ho under debatten og hevdar at bistandsprosjekt til klimatiltak, som fornybar energi, har vorte redusert under noverande regjering.

Frølich Holte er ikkje samd i påstandane om at dagens regjering har prioritert ned klima i utanriks- og bistandspolitikken.

– Vi har brukt andre kanalar, som til dømes Norfund, som har ei forplikting å investera 50 prosent av investeringane sine i fornybar energi. Utviklingsministeren har òg varsla at han vil gjera ein gjennomgang for å sjekka at bistanden er Paris-avtalekompatibel, seier han.

Oljenasjon i spagat

Forskingssjef ved NUPI, Ole Jacob Sending, meiner Noreg som ein stor oljeproduserande nasjon står i ein utanrikspolitisk skvis når dei skal ta opp klimaproblematikk internasjonalt.

– Vi står i ein spagat. Viss vi skal handtera den framover må vi komma opp med nye kraftfulle klimatiltak, seier han.

Frølich Holte meiner på si side at inntrykket av Noreg internasjonalt er at vi er i front i nedkjemping av klimaendringar.

– Det er godt kjent at Noreg har olje- og gassproduksjon, men samtidig har vi ein veldig offensiv klimapolitikk. Utsleppa i Noreg går ned, vi har eit kjempestort internasjonalt engasjement for å kutta utslepp og bidrar konstruktivt til klimaforhandlingane.

Høybråten meiner spagaten er der, og at den bør bli mindre, men påpeikar at den ikkje har hindra Noreg å bli valt til Tryggingsrådet.

– På ein eller annan måte har ein stått oppreist sjølv om ein har stått i spagat. Politikarar bør forplikta seg på at Noreg bruker mindre pengar på å stimulera det vi vil ha mindre av og meir pengar på å investera i det vi skal ha meir av. Verda kjem til å følgja endå nøyare med på kva som skjer i norsk olje- og gasspolitikk og korleis samanhengen mellom liv og lære er. Det må ein ha gode svar på, seier Høybråten. KPK

 

Bildetekster:

 

– MÅ STYRKA INNSATS: Kirkens Nødhjelps generalsekretær, Dagfinn Høybråten, meiner Noreg med styrkt innsats kan spela ei rolle i å løfta klimaendringar som eit tryggingsproblem i FN. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

DEBATT: (f.v.) Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Jette Christensen, og statssekretær i Utanriksdepartementet, Jens Frølich Holte (H), deltok på lanseringa av Kirkens Nødhjelp sin rapport om klima og konflikt. Debatten og lanseringa vart leia av Stig Arild Pettersen. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

SPAGAT: Både Dagfinn Høybråten (t.v.) og forskingssjef ved NUPI, Ole Jacob Sending, meiner Noreg som oljenasjon står i ein spagat når dei skal fremma klimatiltak internasjonalt. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone