kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Muslimmisjonen skiftar namn

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 18.06.2020
Misjonsorganisasjonen Kristen Muslimmisjon skiftar namn til Lys over Land. – Oppdraget med å nå muslimane med evangeliet er det same, seier informasjonsleiar Eivind Flå.

Den Norske Muhammedanermisjon (NMM) vart danna i 1940 for å verkeleggjera kallet Otto Torvik hadde fått til å nå muslimane med evangeliet. I 2001 vart NMM til KMM (Kristen Muslimmisjon) og no har organisasjonen igjen skifta namn til Lys over Land.

Det nye namnebytet har vore diskutert heilt sidan 2012. Saka har vore tatt opp på fleire årsmøter og i august 2019 vart namnebytet vedtatt med stort fleirtal på generalforsamlinga på Fosnavåg. Landsstyret fekk då i oppdrag å effektuera namnebytet i løpet av eit år.

– Landsstyret valde å gjera namneendringa no samtidig med at ny leier er komne på plass. Men sjølv om namnet er endra er oppdraget det same, seier forkynnar og informasjonsleiar i Lys over Land, Eivind Flå, til Kristelig Pressekontor.

Ikkje for å skjula

Flå er klar på at det nye namnet ikkje har som hensikt å skjula kva og kven organisasjonen jobbar med.

– Vi har vore veldig opptatt av at mottoet «Med evangeliet til muslimane» òg er med og blir brukt som ein undertittel til namnet, seier han.

Også dagleg leiar Øyvind Hope påpeikar dette.

– Vi skjuler ikkje at målet vårt er å forkynna bodskapen om lyset i verda, Jesus. Det nye namnet kommuniserer betre på ein positiv måte det vi ønsker å oppnå. Vi ønsker å spreia lys og håp både i Noreg, Senegal og India, seier han.

Også logoen, som liknar den gamle logoen, har undertittelen med under namnet.

Det er ulike grunnar til at organisasjonen går bort frå Kristen Muslimmisjon ifølgje informasjonsleiaren.

– Det har vore ulike argument. Nokon meiner det gamle namnet kunne verka provoserande og fleire opplevde at andre la noko anna i namnet enn det organisasjonen la i det. Nokon meinte det var utydeleg med både kristen og muslim i namnet, medan andre meinte det var for overtydeleg, seier han.

Lys over Land har i mange år vore tittelen på magasinet til muslimmisjonen. Derfor er det eit kjent namn for støttespelarane til organisasjonen.

Meir i Noreg

I misjonsarbeidet i utlandet har Lys over Land hovudsatsinga si i India og Senegal. Her vil dei halda fram med å bruka dei engelske og franske versjonane av namnet til organisasjonen: Norwegian Christian Mission og Mission Evangelique Norvegienne.

Både dagleg leiar og informasjonsleiar trekker fram at Lys over Land ønsker å auka arbeidet sitt i Noreg.

– Vi ønsker å styrka kontakten med innvandrarar og forkynna evangeliet for muslimar òg her, seier Flå.

Hope fortel at Lys over Land ønsker å komma i kontakt med foreiningar og forsamlingar i Noreg.

– Vi har ein del ekspertise på samtalar og møter med muslimar. Vi kan bidra i prosjekt for å hjelpa andre å kommunisera med og nå menneske som har ein annan kulturell bakgrunn. Vi ønsker å inspirera til og bidra med det vi tradisjonelt er gode på, nemleg forkynning, seier han og påpeikar at dette òg gjeld overfor kristne som kjem frå muslimske land.

Vil nå fleire unge

Lys over Land satsar no på større nærvær på nett og har mellom anna oppretta ei ny Facebook-side. Eit av måla er å engasjera fleire unge i arbeidet sitt.

– Vi veit at mange unge med framandkulturell bakgrunn slit i spranget mellom kulturen til foreldra og den norske kvardagen. Viss vi jobbar med norske ungdommar i forsamlingane trur eg vi kan nå veldig langt til ungdommar med ein annan kultur, seier Hope.

Han fortel at han kjenner ein del unge norske muslimar som har gått på kristne aktivitetar i oppveksten.

– Mange muslimske foreldre i bygde-Norge vil heller senda ungane sine til kristne miljø enn til bygdeungdomslag som er meir kjent for drikking. Her finst det ei opning for tettare kontakt, seier Hope. KPK

 

Faktaboks:

Lys over Land

  • Norsk misjonsorganisasjon, med hovudfokus på å nå muslimane med evangeliet.
  • Grunnlagt av misjonær Otto Torvik i 1940
  • Heitte opphavleg Den Norske Muhammedanermisjon
  • Skifta i 2001 namn til Kristen muslimmisjon og i 2020 til Lys over Land.
  • Har arbeid i Senegal, India, Israel, Indonesia og i Noreg.
  • Heimearbeidet blir drive ved forkynnarverksemd og foreiningar organisert i fem krinsar.

Kilde: Wikipedia og Lys over Land

 

Bildetekster:

LYS OVER LAND: Sjølv om Kristen muslimmisjon skiftar namn til Lys over Land er hovudmålet framleis å nå muslimar med evangeliet om Jesus. Her er frå arbeidet i Senegal. FOTO: Lys over Land

 

KOMMUNISERER BETRE: Dagleg leiar Øyvind Hope meiner namnet Lys over Land kommuniserer på ein positiv måte kva organisasjonen ønsker å oppnå. FOTO: Stein Gudvangen, KPK

 

LANG PROSESS: Forkynner og informasjonsleiar Eivind Flå fortel at det har vore ein lang prosess i fleire årsmøte for å endra namnet på organisasjonen. FOTO: Privat

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone