kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Sluttar som forlagssjef i Verbum

Publisert 17.06.2020
Hans J. Sagrusten forlèt sjefsstolen i Verbum forlag, men held fram med å jobba i Bibelselskapet.

Etter berre 11 månader som forlagssjef for Verbum trer Hans J. Sagrusten tilbake og går til ei liknande stilling som ho han hadde tidlegare i Det norske bibelselskapet.

Sagrusten fortel til Kristelig Pressekontor at det ikkje er nokon dramatikk i at han no sluttar som forlagssjef.

– Eg har vore sjukemeldt. Totalbelastninga når koronakrisa kom på toppen av det heile er årsaka til at eg sluttar i stillinga. Eg prøvde, men det vart for slitsamt, seier han.

Den avtroppande forlagssjefen har elles berre positive ting å seia om tida i Verbum.

– Det har vore eit fint år med gode medarbeidarar og interessant arbeid. Det har vore ei stor glede. Men når eg no møtte veggen er det best å gi seg medan leiken er god både av omsyn til meg sjølv og forlaget. No får eg ei stilling med skriving, foredrag og kurs meir likt det eg hadde før, seier Sagrusten.

– Veldig trist

Generalsekretær i Bibelselskapet, Paul Erik Wirgenes har vore fungerande forlagssjef i Verbum medan Sagrusten har vore sjukemeldt.

– Vi synest dette er veldig trist. Vi ville gjerne at Hans Sagrusten skulle halda fram, men han har vore tydeleg på status for eige arbeidstilhøve etter å ha vore ute i sjukemelding. Derfor har vi kunne laga ei anna stilling som både han og vi er fornøgd med, seier Wirgenes.

Han understrekar at avgangen ikkje var ønskt frå Bibelselskapets side.

– Vi er todelte her. Vi er veldig triste for at han sluttar som forlagssjef, men veldig glade for at han held fram i arbeidsfellesskapet her.

Ventar til hausten

Wirgenes held fram som fungerande forlagssjef over sommaren.

– Vi utset vurderinga av korleis stillinga skal lysast ut til etter sommaren. Vi har fleire utgivingar i haust enn på veldig mange år og styret og eg har vore tydelege på at forlaget vårt går bra og vi vil vera eit offensivt og sterkt forlag i åra framover. I det ligg det òg at vi vil vurdera korleis vi bemannar forlagssjefstillinga, seier han.

Verbum gjorde ei endring for nøyaktig eitt år sidan, då dei etter ein omstillingsperiode med ein innleidd forlagssjef i halvstilling, bestemte seg for å gjera forlagsdrifta tydeleg i ei eiga avdeling og tilsetja forlagssjef.

– Det ligg ikkje noko i erfaringane dette året som tilseier at vi revurderer det, seier Wirgenes.

Store koronatap

Koronakrisen har særleg ramma bibelsalet til Verbum.

– Her har det vore ganske store tap. Men det første halvåret går vi godt nok i forhold til andre bøker sjølv om nedgangen her òg var markert frå 12. mars. No er han noko aukande, seier Wirgenes.

Han fortel at Bibelselskapet likevel har valt å ikkje permittera tilsette.

– Vi har mykje arbeid å gjera for alle tilsette og er i ein satsingsfase. I tillegg har vi likviditet til å halda folk i arbeid. Det har vore viktig for oss å halda trøkket oppe, òg gjennom koronatida. KPK

 

Bildetekst:

BLIR I BIBELSELSKAPET: Hans J. Sagrusten sluttar som forlagssjef i Verbum og går tilbake til ei liknande stilling som ho han hadde tidlegare i Bibelselskapet. FOTO: Stein Gudvangen, KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone