kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Gir innsette eit løft før dei møter fridommen igjen

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 17.06.2020
Hos Elevator lærer fengselsfuglar å igjen fly fritt. Snart får òg kvinnelege innsette eit slikt tilbod i siste del av soningstida. Det kan òg hjelpa mennene.

I Oslo driv Frelsesarmeen institusjonen Elevator der domfelte mot slutten av si tid i fengsel kan få open soning i opptil 12 månader. Kristelig Pressekontor (KPK) har møtt ein av bebuarane der.

– Å få sona siste del av dommen på Elevator har vore alfa og omega for meg. Viss eg berre hadde komme rett ut frå lukka soning, med to søppelsekker i handa og utan nettverk, ville eg sikkert fort hamna tilbake i fengsel, seier mannen som ønsker å vera anonym.

Mannen sonar ein lang dom og har sete store delar av tida på lukka høgsikkerheitsavdeling. No har han sona på Elevator sidan august i fjor. Han fortel at han ofra eit halvt år ekstra i open soning for å få plass her.

– Her blir du følgt godt opp. Du får vera deg sjølv, og heilskapen er i fokus. Du blir ikkje berre eit innsett-nummer, men får full tillit. Dette er veldig viktig viss samfunnet vil at vi skal rehabiliterast, seier han.

Opnar for kvinner

Elevator har eksistert i mange år, og frå 2014 til 2020 har dei hatt 30 soningsplasser finansiert av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). I mai vart det klart at Elevator vann anbodsrunden frå KDI for 30 soningsplasser i fire pluss to nye år. Ordninga er heimla i § 12 i Straffegjennomføringsloven og vert sett på som svært viktig i kriminalomsorga.

– Det er viktig for vedkommande, for kriminalomsorga og for samfunnet som heilskap at ein domfelt kan få det tilbodet som best kan bidra til ein kriminalitetsfri tilvere etter lauslating, skriv kommunikasjonsdirektør i KDI Ann Kristin Salbuvik i ein e-post til KPK.

Med det nye anbodet vil Elevator frå 2021 ha moglegheit til å tilby soning òg for kvinnelege innsette, noko dei har ytra ønske om dei siste tre-fire åra. KDI har vore positive til dette, men dagleg leiar i Elevator, Elli Graf, seier at dei ikkje har ønskja å ta inn kvinner utan at dei kan legga spesielt til rette for dette.

– Dette er jo litt av utgangspunktet for kvifor soningsforhold er så mykje dårlegare for kvinner enn for menn. Viss du berre blandar kvinner og menn utan å ta høgde for at det er ulike behov går det ut over kvinnene når dei sonar saman, seier Graf.

Ho viser mellom anna til ein stor rapport frå Juridisk rådgiving for kvinner frå 2018 som peikar på desse problema.

– For at det skal vera eit likeverdig tilbod må ein forstå dei ulike behova og legga til rette for det. Vi har landa på ei løysing der kvinnene får bu i leilegheiter, der dei ikkje må dela bad og kjøkken. Då kan vi unngå maktmisbruk som ofte skjer i det skjulte, seier Graf.

– Skal vera trygt

Ho fortel at dei på Elevator ofte har bebuarar som er dømde for seksuallovbrot. Samtidig veit dei at kvar tredje kvinne sjølv har vore utsett for seksuelle overgrep. I det nye anbodet har Elevator lagt inn ei ekstra stilling for å kunna ha fleire tilsette på jobb i miljøet på huset.

– For at både mannlege og kvinnelege bebuarar skal føla at dette er ein trygg stad å vera, må tilsette vera til stades. Det er like viktig sosialtrening at ein som er dømt for overgrep mot kvinner kan ha ein kvardag saman med kvinner, som det er for dei å skulla omgåast menn.

På Elevator trur dei at ein av dei beste arenaene for sosial trening er matlaging. Huset har fleire mindre kjøkken i dag, men no skal det byggast eit stort felleskjøkken i første etasje der bebuarane kan laga mat saman.

– Alle må eta og har eit forhold til matlaging. Her kan ein lett komma i prat om kultur, familie og interesser, seier Graf.

– Kan læra av kvarandre

Den mannlege domfelte som KPK har snakka med, vil etter planen vera ferdig med si soning på Elevator før dei opnar for kvinner, men han trur det vil tilføra mykje positivt å ha begge kjønn representert blant bebuarane

– Eg trur vi kan læra mykje av kvarandre, og mange vil nok enklare justera ordbruken sin når det sit kvinner ved same bord, seier han.

– Og så kan vi jo få litt trening i den typen drama som kan oppstå, legg han til og ler.

Må læra mykje på nytt

Den innsette mannen fortel at når ein kjem ut etter lang tid på lukka soning er det mykje som må lærast på nytt.

– Første gong eg var på perm, stod eg føre ein ulåst døyr og berre venta på at nokon skulle opna han. Det fall meg ikkje inn at eg kunne opna han sjølv, seier mannen som er i 40-åra.

I fengselet blir det meste gjort for deg og du får beskjed om alt du skal. Derfor er det svært vanleg for innsette å ha problem med å hugsa ting og avtalar når dei kjem ut i samfunnet igjen. Dei må òg læra på nytt korleis ein snakkar til andre.

– Humoren, og måten vi innsette snakkar med kvarandre på, er på eit heilt anna nivå enn det samfunnet forventar. Vi har ingen filter. Snakkar vi slik til framande, kan det nok fort oppfattast som ein trussel, seier Elevator-bebuaren.

– Alt dette lærer du her fordi du ikkje berre er omgitt av andre innsette og betjentar, men møter «normale» menneske kvar dag. Her ser dei heile meg. Eg har fått tillit og må bygga vidare på den. KPK

 

Faktaboks:

Elevator

  • Elevator er ein institusjon etter straffegjennomføringslova §12 drive av Frelsesarmeens rusomsorg.
  • Elevator er heilfinansiert av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI).
  • Elevator er ein "heis" tilbake til samfunnet der økonomi, arbeid, nettverk og bustad er sentrale fokusområde.
  • Her blir det lagt vekt på å skapa gode relasjonar under trygge rammer slik at bebuarar kan førebu seg på livet etter soning.
  • Målet er at alle bebuarar skal lauslatast til ein trygg bustad, ein meiningsfull jobb, føreseieleg økonomi og med eit positivt nettverk rundt seg.
  • Belegget på Elevators 30 soningsplasser har vore 88 % frå 2014-2019.
  • Frå 2021 vil Frelsesarmeen òg tilby kvinnelege innsette å sona den siste delen sin av dommen på Elevator.
  • I 2019 utgjorde kvinner 16 % av alle som starta straffegjennomføring i eller vart overført til institusjon.

Kilde: Frelsesarmeen og Kriminalomsorgsdirektoratet

 

Bildetekst:

OPNAR FOR KVINNER: Frå 2021 vil dagleg leiar Elli Graf òg ta imot kvinnelege domfelte til open soning på Elevator. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

LÆRER Å FUNGERA: Innsette som har vore lenge på lukka soning har ofte mykje å læra før dei er klare for eit liv på utsida. Overgangsinstitusjonar som Elevator er ifølgje ein bebuar veldig viktig viss samfunnet vil at domfelte skal rehabiliterast. Her er frå ei av leilegheitene på Elevator. FOTO: Jan Petter Kristiansen/ Elevator

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone