kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Halve inntekta vekk for Ungdom i Oppdrag

Gudvangen, Stein
Publisert 16.06.2020
Frå hausten misser Ungdom i Oppdrag kring halvparten av inntektene sine. Mottiltak er sett inn, men om viruseffekten held fram, kan det få alvorlege fylgjer.

– Vi har god økonomi, men viss dette varer ved i eit år, er det ikkje sikkert vi har det lenger, seier UIO-leiar Andreas Nordli til Kristelig Pressekontor.

Tre månader etter nedstenginga av Noreg merker Ungdom i Oppdrag (UIO) at dei fyrst og fremst har ein driftsbasert og ikkje ein gjevarbasert økonomi. Det vil seie at UIO berre får 20 prosent av inntektene sine frå gjevarar. Resten er inntekter frå skuledrift og anna verksemd.

Derfor slår det ekstra hardt inn i UIO sin økonomi at dei må avlyse fleire skular til hausten.

66 prosent ned

UIO Noreg byr på variert utdanning i form av ulike bibelskular. Disippeltreningsskule (DTS) og School of Frontier Missions er eit par av dei mest kjende.

– Av 250 elevar totalt i Noreg, som er snittet vi har vore på dei siste åra, tippar eg at 30 prosent er norske, resten frå utlandet. Det tragiske er at viruset gjer at det ikkje kjem nokon frå land utanfor Norden fordi dei ikkje får søkt om visum, seier Nordli.

Midt i mars slutta det heilt å kome søknader frå utlandet, og sjølv om dei fleste landa skulle opne opp utover sumaren, vil dette skje for seint med tanke på skulestart i september.

Utover våren tok det seg opp med norske søkjarar. Likevel må fleire skular avlyse til hausten. Ein av dei er disippeltreningsskulen (DTS) på hovudbasen Grimerud gård i Stange. Der har det vore DTS kvar haust sidan starten i 1975.

– Det blir rart med ein haust utan DTS, medgir Nordli som trur det vert DTS i januar att.

Også på senteret i Skien blir DTSen avlyst, mens det vert planlagd for bibelskulestart på dei fem andre sentra UIO har, frå Troms til Agder. Men det ligg an til etter måten få elevar nokre av stadene, og han ser ikkje vekk ifrå at det kan kome fleire avlysingar.

Han anslår at inntektene frå skuledrifta vil gå ned med 66 prosent frå hausten av. Det vil seie at kring halvparten av dei totale inntektene fell bort.

Somme UIO-skular startar i januar, og Nordli voner i det lengste at det vert mogeleg å få utanlandske elevar på desse. Skjer ikkje det, blir krisa ekstra alvorleg for organisasjonen. Ei ny smittebylgje med påfylgjande nedstenging vil ramme hardt. 

Tiltak

UIO har for lengst sett inn mottiltak for dempe koronaeffekten. Utgifter vert kutta overalt der det er mogeleg, men alle utgifter kan ikkje fjernast.

– Bibelskuleelevane våre betaler til dømes for senga dei søv i. Når den står tom, misser vi denne inntekta. Du kan seie at då forsvinn også utgiftene til skuledrifta, men huset står her framleis, og det treng vedlikehald. Ein del av utgiftene til straum er der også framleis, og rentene på lån må vi betale, forklarer han.

– En plage

Nordli leier den største norske misjonsorganisasjonen, målt i talet på langtidsmisjonærar. I vår har han hatt ekstra mykje å tenke på.

– Korona er ei plage, seier han og deler korona-oppsummeringa si i tre, det personlige, det som går på organisasjonen og innverknaden på samfunnet.

– For meg personleg har det vore ille fordi «alle» har snakka om at dei i denne tida ikkje har jobba så mykje, men fått meir tid til familien og til å reflektere. Eg har opplevd det motsette. Krisa har gjort terskelen til å ta eit videomøte lågare, så det har vore ei arbeidskrevjande tid.

Vanlegvis har Nordli ein temmeleg normal døgn- og arbeidsrytme, men rett etter 12. mars vart det våkenetter og kveldsarbeid. No søv han greit att, men alle utfordringar er ikkje løyst.

– Situasjonen gneg på meg som leiar, seier han og vedgår at han nokre gonger er bekymra over at ein så liten del av verksemda er basert på gåver.

– Må de legge meir vekt på gaveinntektene no?

– Vi har snakka om det. Vi har stadige innsamlingsaksjonar, men har ikkje sett i gang noko ekstraordinært førebels.

Gåveinntektene er ifylgje UIO-leiaren på mellom 12 og 14 millionar kroner i året. Det svarer til 20 prosent av inntektene.

Rekrutterer

Ser ein bort ifrå det økonomiske, er ikkje organisasjonen i nokon motbakke. UIO har nærmare 150 langtidsmisjonærar, og sjølv i virustida har dei fått nye utsendingar.

– I 2020 har vi rekruttert 22 nye langtidsmisjonærar. 19 av dei er norske. Nokre få reiste ut rett før nedstenginga. Resten bare ventar på å få dra. Fleire av dei har meld seg no under koronakrisa. Det er veldig spesielt, synest eg, og dette er det som gler meg mest av alt vi gjer akkurat no, seier Nordli.

Menneskeverdet først

Trass i den økonomiske effekten er Nordli særs glad for regjeringa sin korona-strategi.

– 12. mars sette Noreg helse framfor økonomi, i alle fall i den fyrste fasen, og det var å sette menneskeverdet fremst. Det seier noko svært fint om verdiane i landet vårt, seier Andreas Nordli som erkjenner at det kanskje er lett for oljerike nordmenn å seie dette sidan vi som nasjon har pengar nok til å tåle at mykje stoggar opp.

– Det er opplagt at koronakrisa har vore krevjande for mange, særleg folk med lån og dei som misser jobben. Nokre har gjennomgått sjukdom, smerte, bekymring og død. Men i stor grad har vi vore forskåna for dette, og eg vil seie Noreg har gode politikarar og leiarer.

Nordli trur kulturarven ligg i botnen når oppmodinga til smitteverndugnad har gitt slik gjenklang i landet.

– Dugnad er kanskje ikkje ein klar kristen verdi, men det er openbert at alle har bidrege og at Noreg er eit tillitssamfunn. Vi har tillit til kvarandre og til styresmaktene, og styresmaktene har tillit til folket. Alt dette har vist seg i koronatida, miener UIO-leiaren. KPK

 

Bilete:

SLITASJE: – Situasjonen gneg på meg, seier Andreas Nordli som leier ein organisasjon som kan tape millionar på koronakrisa, men likevel er glad for at Noreg var nedstengt. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone