kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Soul Children-festival vert utsett

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 08.06.2020
Det blir ingen Soul Children-festival i Oslo i oktober.

Barne- og ungdomskorrørsla Soul Children skulle i utgangspunktet samlast til International Soul Children Festival i Oslo Spektrum siste helga i oktober i år. No blir festivalen utsett eitt år grunna koronapandemien.

Soul Children-leiar Ragnhild Hiis Ånestad skriv i ei pressemelding at dei hadde gledd seg til festivalen i haust.

– Men viktigare enn å samla heile Soul Children-familien igjen er å stå saman med nasjonen og resten av verda om å kjempa mot Covid-19, skriv ho.

Derfor vert årets planlagde festival utsett til hausten 2021.

– Då samlast vi til tidenes største Soul Children Festival, for vi skal feira rørslas 20-årsjubileum i Oslo si storstue, skriv Hiis Ånestad.

Ny dato er ikkje sett, men Soul Children lovar han kjem snart saman med meir informasjon om alternative mindre regionale Soul Children-events den kommande hausten. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OIG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone