kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Tapar millionar på avlyste sommararrangement

Publisert 28.05.2020
Sommardrifta ved mange kristne internatskular fell heilt eller delvis bort i år. Skulane kan tapa fleire millionar kroner i inntekter.

På grunn av koronapandemien er mange sommararrangement avlyst eller flytta til digitale flater denne sommaren. For mange kristne friskular og folkehøgskular betyr dette at lokalane deira ikkje vil bli utleidd i like stort omfang som normalt.

‒ Heldigvis har vi økonomisk ryggrad til å klara å komma oss gjennom dette på ein god måte, seier rektor Helge Kjøll ved Molde folkehøgskule til sambåndet.no.

Han reknar med at dei vil ha eit tap på rundt 1 million kroner på dette feltet i sommar.

Folkehøgskulen Sørlandet hadde 2400 overnattingsdøgn og ei omsetning på 1,5 millionar kr i fjor.

‒ I år hadde vi endå fleire bookingar og større arrangement. Det aller meste er avlyst, og vi sit igjen med nokre små arrangement og kanskje berre 200 overnattingar, fortel rektor Geir Reinertsen til Sambåndet.

Sambåndet er magasinet til Indremisjonsforbundet som er eigar av begge dei nemnde folkehøgskulane og fleire andre skular med internat. Dei fortel om fleire liknande tilfelle ved fleire av skulane sine, mellom anna folkehøgskulane Ålesund og Nordhordland samt Bildøy bibelskule og dei vidaregåande skulane KVS Bygland, KVS Lyngdal og Framnes.

‒ For skulen betyr det at han får eit totalt tap som han må ta av eigenkapitalen for å dekka. Det er pengar vi sjølvsagt heller ville brukt på noko anna. Men eg trur vi får ein betre sesong neste år, og det ser ut til at vi får fullt med elevar til hausten, seier Reinertsen.

Folkehøgskulerådet og hovudorganisasjonen Virke jobbar overfor styresmaktene for å få ein krisepakke for å dekka for tapt sommardrift. KPK

LAST NED SAKEN PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER



Powered by Cornerstone