kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny prorektor ved NLA

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 28.05.2020
Amund Langøy går inn i rolla som prorektor for utdanning ved NLA Høgskolen, som nyleg fekk avslag på søknaden sin om å få tilby full presteutdanning.

– Langøy vil ha eit heilskapleg ansvar for utdanningsverksemda ved NLA, og eit spesielt ansvar for leiinga av arbeidet med studieutvikling og utdanningskvalitet, fortel NLA-rektor Egil Morland i ei pressemelding.

Sidan 1. januar i fjor har Langøy vore tilsett som utdanningsleiar ved NLA og har arbeidd tett med Svenning Bjørke, tidligare prorektor for utdanning. Frå 18. mars har Langøy vore konstituert i stillinga, og med verknad frå 1. juli i år blir dette permanent for dei neste to åra.

— Eg er svært glad og nøgd med at Langøy ønsker å gå inn i dette arbeidet. Når vi no for alvor skal inn i prosessen med NOKUT er det viktig å ha kontinuitet i leiargruppa. Stabilitet, saman med forankring i leiinga i alt som skjer ved høgskulen, er eit kritisk punkt i kvar og ein organisasjon, seier Morland.

Svenning Bjørke, som har vore i prorektorrolla dei siste åra har sidan 12. mars hatt ei rolle som beredskapsleiar. Bjørke vil no gå inn i ei rolle der han arbeider for rektor inn mot etablering av nye campus i Oslo og Bergen. Han vil i tillegg arbeida med NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) sitt tilsyn og for Langøy med tildelte oppgåver.

LAST NED SAKEN PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER

Avslag frå NOKUT

NLA fekk nyleg avslag på ein søknad til NOKUT om å få tilby full presteutdanning (master og cand.theol.) melder Sambåndet. Ifølgje ein artikkel i avisa Vårt Land planlegg skulen å senda inn ein ny søknad.

Avslaget vart mellom anna grunngitt med at søknaden «som heilskap manglar ein forventa og nødvendig refleksjon over spenninga mellom å vera ein fri høgskule med eit bestemt verdigrunnlag, og det å driva akademisk utdanning og forsking i eit pluralistisk samfunn.»

Førsteamanuensis i systematisk teologi og avdelingsleiar for Teologi, religion og filosofi på NLA Høgskolen Gunnar Innerdal, som har vore kontaktperson for søknadene, er ikkje samd i NOKUT si vurdering.

– Vi tar avslaget til etterretning, sjølv om vi ikkje er samde i alle av vurderingane til komiteen i behandlinga av søknaden. Samtidig er vi glade for at søknaden samla blir vurdert som god, og at det er lite som manglar på godkjenning, seier Innerdal til Vårt Land.

Utdanning og forsking

Langøy framhevar i pressemeldinga at det framover blir viktig å kopla utdanning og forsking tett saman. Han ser fram til eit godt samarbeid om dette med prorektor for forsking og utvikling, Torgeir Landro.

— Det er med stor audmjukheit at eg tar imot denne utfordringa, og samtidig ønsker eg å takka alle som har bidrege ekstra denne våren til at vi har klart å handtera dei utfordringane denne perioden har gitt oss, seier Langøy.

— I august tiltrer Sigbjørn Sødal som ny rektor ved NLA og eg håper å kunna medverka til at han får ein god inngang hos oss. Vidare vil ny strategiplan gi oss ei retning for dei neste åra og det blir motiverande å ha denne som utgangspunkt for å etablera handlingsplanar for utdanningsområdet. Eg gleder meg og er spent på å gå inn i denne rolla, avsluttar han. KPK



Powered by Cornerstone