kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny leiar for NMS Global

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 27.05.2020
Haakon Kessel er tilsett som ny leiar for det globale arbeidet til Det norske misjonsselskap. Han tiltrer stillinga 1. januar 2021.

Det melder NMS på nettsidene sine der dei kallar tilsetjinga ei «gullsignering».

– At han tar imot tilbodet om stillinga som leiar for NMS Global er omtrent like viktig for oss som om Viking hadde signert Lionel Messi, seier generalsekretær i NMS Helge S. Gaard til nms.no og understrekar at stillinga som leiar for NMS Global er ein av dei aller viktigaste stillingane i NMS.

Anne Karin Kristensen har vikariert i stillinga det siste året.

LAST NED SAKEN PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER

– Kjenner NMS frå innsida

Kessel er for tida sokneprest i Ræge kyrkjelyd i Rogaland. Tidlegare har han vore lærar i den vidaregåande skulen, misjonær i Japan og tilsett på hovudkontoret til NMS.

– Vi har fått ein person som har alle dei kvalitetane vi ser etter. Haakon har misjonærerfaring, han kjenner NMS i Noreg frå innsida og han er ein svært populær prest i Den norske kyrkja, seier generalsekretæren.

Gaard påpeikar at NMS i utgangspunktet hadde eit sterkt ønske om å tilsetja ei kvinne i stillinga som leiar for NMS Global.

– Men då vi fekk moglegheit til å tilsetja Haakon i denne stillinga, meinte vi det ville vera det beste. Det er mange andre sentrale leiarstillingar i NMS. I tida framover vil vi vera opptatt av å få inn fleire kvinner i leiande stillingar, seier Gaard.

– Eit privilegium

– Dei siste åra har eg vore kyrkjelydsprest, men dei fleste åra har eg jobba i ein NMS-samanheng. Det er eit privilegium å få moglegheit til å kombinera erfaringa frå ei norsk forsamling i ei stilling der eg kan vera med på å forma den globale verksemda til NMS, seier Kessel.

Han meiner misjonsarbeidet alltid lever i ei spenning mellom forankring og forandring.

– NMS må vera attkjenneleg i forankringa i bodskapen og tilhøyrsla til kyrkja. Kyrkje og misjon er to sider av same sak. Samtidig krev nye tider òg nye tankar, det ser vi ikkje minst i desse koronatidene. Her ser vi at kyrkja over heile verda er i same båt. Dei gir kvarandre impulsar og delar nyttige erfaringar, seier han. KPK



Powered by Cornerstone