kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Sterk nedgang i kristeleg opplæring

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 25.05.2020
Sjølv om fleire kristelege aktørar har vore flinke til å omstilla seg til digitale flater opplever K-Stud ein nedgang på over 40 prosent kursdeltakarar så langt i år.

Kristelig studieforbund (K-stud) er det studieforbundet som mellom anna formidlar statsstøtte til kurs og annan vaksenopplæring i medlemsorganisasjonane sine og deira kristne forsamlingar og foreiningar. På grunn av koronapandemien har mange av kursa dei vanlegvis gir tilskot til vorte avlyst.

– På det som er godkjent og registrert hittil i år, samanlikna med same tid i fjor, er det ein nedgang på 42,5 prosent i talet på deltakarar. Når det gjeld talet på registrerte kurs som er rapportert inn per i dag er det ein nedgang på 31,5 prosent og talet på kurstimar har ein nedgang på 25,5 prosent, seier dagleg leiar i K-stud, Hege Irene Fossum, til Kristelig pressekontor, og legg til at ein slik nedgang er forventa i ei tid der samfunnet stoppa opp.

Ho fortel at mange opplæringstiltak det vanlegvis blir søkt om støtte til seinare på året òg er avlyst allereie grunna smittevern.

– Tala viser ein klar tendens, men det er usikkert korleis det slår ut på årsbasis. Mange melder ifrå at dei ikkje får gjennomført dei planlagde kursa sine, særleg dei store aktørane som hadde planlagt arrangement som konfirmasjons-, påske- og sommarleirer, seier Fossum.

Når ikkje alle

Leiaren i K-stud fortel at det er mykje kreativitet blant bibelgrupper og andre smågrupper som møtest ute på tur eller digitalt.

– Vi er imponerte over kor mange som raskt har omstilt seg og fått til gode læringsarenaer på digitale plattformer, mellom anna innan musikk, bibelstudiar, språk og leiarkurs. Men vi ser at dei ikkje når like mange som før. Det er nokon som fell frå fordi dei ikkje har moglegheit til å meistra dataverktøy, seier Fossum.

Kristent interkulturelt arbeid (KIA) er blant dei som har halde eit høgt aktivitetsnivå trass i virusutbrotet og har tilbode ein digital versjon mellom anna av norskopplæringsprogrammet sitt for innvandrarkvinner.

– Vanlegvis har vi møttest 20 timar i veka. No enda vi opp med ein kombinasjon av heimelekser, simultanundervisning gjennom eit videokonferanseverktøy, nettressursar og tett oppfølging på telefon, fortel leiar for KIA Velferd, Merete Hallen.

Ho fortel at det tok noko tid å få alle deltakarane til å meistra dei digitale verktøya.

– Mange av deltakarane våre har omsorg for barn og vi har òg bidrege med hjelp til gjennomføring av den digitale heimeskolen for barna, fortel Hallen.

KIA har òg gitt opplæring og informasjon om korona til innvandrarar mellom anna i samarbeid med fleire migrantkyrkjelydar.

Mellombels unntak

Vanlegvis finst det krav om minst åtte timars undervisning og minst 50 prosent fysiske samlingar ved elektroniske kurs for at eit opplæringstiltak skal kvalifisera til statstilskot frå K-stud. Men Kunnskapsdepartementet (KD) har gjort eit mellombels vedtak som gir studieforbunda høve til å gi tilskot til reine elektroniske kurs og kortare kurs med minst 4 kurstimar, førebels fram til 1. august 2020.

– Vi ser at stadig fleire som sender inn søknader om nye studieplanar baserer seg på elektroniske plattformer. Det blir spennande å evaluera om læringsutbyttet i dei digitale kursa blir det same, seier leiaren i K-stud.

Ho er usikker på om alle som no flyttar arrangementa over på digitale flater vil klara å gjennomføra opplæring innanfor regelverket for å få statstilskot. Mellom anna er det eit krav om samtidig samhandling i nettkursa, noko som kan vera vanskeleg å gjennomføra digitalt med mange deltakarar.

Unngjekk permisjonar

I det mellombelse vedtaket roser Kunnskapsdepartementet innsatsen til studieforbunda for å sørga for at det blir halde oppe eit best mogleg kompetansetilbod til befolkninga og skriv vidare:

«Departementet ser at det er nødvendig å tenka nytt og gjera tilpassingar for at denne viktige verksemda skal ha best mogleg rammar for å handtera situasjonen i tida framover.»

For KIA har unntaksvedtaket vore avgjerande for at dei kunne halda oppe kapasiteten og unngå permisjonar.

– Vi er veldig takksame for at K-stud fekk til ei ordning der vi kunne få vidareført støtta som utgjer ganske betydelege summar for oss. Vi har òg behalde kommunal og statleg støtte fordi vi har klart å dokumentera at vi klarer å følgja opp digitalt, seier Hallen.

Vil ha permanent ordning for nettkurs

K-stud reknar med at restriksjonane held fram utover hausten og håper at unntaksperioden då vil utvidast.

– Vi jobbar òg for at den nye forskrifta for vaksenopplæring får ei permanent ordning for reine nettkurs og støtte til kortare kurs. Vi håper at erfaringane vi gjer no kan vera med å endå betre legitimare ønsket om tilskot til reine nettkurs i framtida, seier Fossum.

Forslag til endringar i lov om vaksenopplæring ligg no til behandling hos stortinget og nye forskrifter kjem til høyring utover hausten.

Sjølv om KIA no igjen tilbyr fysisk kursoppmøte, men i mindre grupper, håper òg dei at ordninga med støtte for nettkurs blir permanent.

– Vi ser at undervisninga no òg kan nå dei som bur andre stader i landet enn i nærleiken av dei byane der vi har kursa. Vi har ikkje jobba med å etablera eit fast digitalt tilbod, men ser at det opnar seg moglegheiter her for fleire av kursa KIA tilbyr, seier Hallen. KPK

 

Bildetekstar:

FRAMLEIS UNDERVISNING: Norskopplæringa hos KIA har føregått på nett under koronautbrotet og organisasjonen har unngått permisjonar mellom anna takka vera tilskot frå K-stud. Bildet er frå før pandemien. FOTO: KIA

ØNSKER NYE REGLAR: Dagleg leiar i K-stud, Hege Irene Fossum, jobbar for at det mellombelse unntaket som òg gir tilskot til reine nettkurs skal bli ei permanent ordning. ARKIVFOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

Relaterte artikler



Powered by Cornerstone