kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny avdelingsleiar i Stefanusalliansen

Gudvangen, Stein
Publisert 14.05.2020
Marianne Haugerud (48) er tilsett som ny leiar for kommunikasjons- og marknadsavdelinga i Stefanusalliansen.

Ho er ingen nykommar i organisasjonen, men har i fleire år arbeidd i avdelinga ho no skal leie.

LAST NED SAKEN PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER

Ho byrja i Stefanusalliansen i 2009 og har fram til opprykket vore kommunikasjonsrådgjevar med særleg ansvar for markeringa av «Sundag for dei forfylgde» og oppfylgjinga av kyrkjelydar og grupper som stør arbeidet Stefanusalliansen driv. Organisasjonen har mellom anna avtale med kring 90 kyrkjelydar i Den norske kyrkja.

Teologistudium

Når Haugerud byrjar i den nye stillinga i midten av august, tek ho over etter Gisle Skeie. Han har sagt opp stillinga si, men skal ha permisjon frå organisasjonen i eit år. Om han kjem att til Stefanusalliansen etter det, vert det i ei anna stilling.  

Skeie skal nytte det neste året til å fullføre eit teologistudium som han tidlegare har byrja på.

– Meiningsfylt

Haugerud meiner Stefanusalliansen er ein organisasjon med mykje ekspertise og dyktige og motiverte medarbeidarar.

– Etter 11 år som tilsett kjenner eg organisasjonen og arbeidet som vert drive, ganske godt. Dette har vore ein utruleg meningsfylt arbeidsplass der eg er blitt utfordra på så mange ulike måtar, seier ho ifylgje ei pressemelding frå Stefanusalliansen.

– Eg ser med glede og forventning fram til å halde fram med å utvikle denne spanande organisasjonen vidare saman med dei andre tilsette, legg ho til. KPK



Powered by Cornerstone