kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Skjærgårdsfestivalen er avlyst i år

Publisert 27.04.2020
Det som skulle vore festivalens 40-årsjubileum blir erstatta med ein to-dagars digital festival.

Laurdag vart det klart frå regjeringas side at det ikkje vil bli mogleg å gjennomføra årets festivalsommar.

– For Skjærgårds Music and Mission betyr det at den uavbrotne rekka med sommarfestivalar endar på 39. Samtidig blir det jobba med ei alternativ, digital løysing 3. og 4. juli, skriv festivalsjefen i ei pressemelding.

Festivalsjef Roar Korsæth Eikli fortel at beskjeden ikkje var uventa, men likevel trist.

– Som alle andre festivalarrangørar hadde vi gleda oss til sommaren. For oss er denne festivalen ekstra spesiell, sidan det ville vore den 40. festivalen på rad. Vi hadde planlagt å feia denne hendinga til sommaren, men no må vi altså avlysa dette. Vi er skuffa i dag, men samtidig er vi heilt klare på at helse kjem først, seier han.

Festivalen går no ei utfordrande tid i møte, og må jobba hardt med å halda skuta flytande økonomisk.

– Det er klart at dette er svært krevjande for oss, og vi taper mange pengar på denne avlysinga. Vi registrerer at kulturministeren har signalisert at det vil bli mogleg å få kompensert billettinntekter, og det vil vera eit kjærkomme bidrag for oss, seier Eikli og påpeikar at dei har tru på at festivalen vil overleva.

– Vi trur på eit festivalliv etter denne sommaren, og vi har allereie no byrja planlegginga av festivalen for neste år. Vi håper at alle som går glipp av SGMM 2020 vil komma tilbake neste år og igjen vera med og oppleva og skapa den unike Skjergards-stemninga, avsluttar han. KPK

 

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone