kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Misjonskyrkja avlyser sumarfestival

Publisert 31.03.2020
Måndag 30. mars gjorde festivalkomitéen for Liv & Vekst sumarfestival i Stavern vedtak om å avlysa årets arrangement grunna koronapandemien.

Generalsekretær i Misjonskyrkja Noreg, Øyvind Haraldseid, seier i ein artikkel på nettsidene til Misjonskyrkja at å avlysa har vore ei vanskeleg avgjerd.

– I ein situasjon der alle lever utan særleg kontakt med andre ut over sin eigen heim, er det trist å måtta avlysa den største og viktigaste arenaen for fellesskap i Misjonskyrkja Noreg. Festivalkomiteen er likevel samd om at det er riktig å avlysa ut ifrå dei tydelege råda vi har fått, seier han.

Til liks med Frikyrkja sitt Visjon 2020 meiner komiteen for Liv & Vekst at det er lite sannsynleg at dei har eit betre grunnlag for å vurdera nødvendigheten av ei avlysing i siste halvdel av april.

– Derfor har vi ikkje sett nokon grunn til å venta med avgjerda, seier Haraldseid.

Påmeldinga som skulle vore opna 17. mars, vart utsett. Så det er derfor ingen deltakarar som er påmelde.

– Det blir ein annleis og rar sumar utan Liv & Vekst. Ikkje minst er det veldig leit for alle barn og ungdom som vanlegvis er deltakarar på dei mange leirtilboda, seier leiar av Misjonskyrkja UNG, Svein Aksel Nakkestad.

Misjonskyrkja skriv at årsaka til at avlysinga skjer no, er omsynet til alt det førebuingsarbeidet som måtte skje dei neste vekene og avtalar som må teiknast eller kansellerast for å hindra for store økonomiske konsekvensar.

– Vi håper på rekordmange deltakarar neste år når vi møtest igjen til Liv & Vekst. Tema for festivalen vil framleis vera «Sendt», seier Haraldseid.

Ei avgjerd knytt til Liv & Vekst i nord, er venta 8. april. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

 



Powered by Cornerstone