kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Frikyrkja avlyser Visjon 2020

Publisert 30.03.2020
Synodestyret i Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja gjorde 28. mars vedtak om å avlysa sumarstemnet Visjon 2020 i Stavern grunna koronapandemien.

Visjonsfestivalen er Frikyrkja sin årlege sumarfestival og skulle vore halde 15. – 19. juli i år.

– Det har vore ei vanskeleg avgjerd, men etter å ha rådført oss med Visjonskomiteen, FriBU og leiarteamet på hovudkontoret, vart vi i helga samde om at det er riktig å avlysa no, seier synodeformann Jarle Skullerud i ei pressemelding.

Han forklarer at årsaka til at avlysinga skjer no, er omsynet til alt førebuingsarbeidet som skulle skjedd dei neste vekene og avtalar som må teiknast eller kansellerast for å hindra for store økonomiske konsekvensar.

– Vi meiner òg det er lite sannsynleg at vi har eit betre grunnlag for å vurdera nødvendigheita av ei avlysing i siste halvdel av april. Derfor har vi ikkje sett nokon grunn til å venta med avgjerda, seier han.

I fjor deltok mellom 1000 og 1100 menneske på Visjon. Av desse var det over 500 barn og ungdom.

– Vi forstår at avlysingar av større sumararrangement vil ramma vår eigen folkehøgskule i Stavern økonomisk. Samtidig håper vi at tidleg avklaring vil hjelpa skulen med å gjera nødvendige grep for å kunna dempa tapa mest mogleg.

Frikyrkja sin øvste leiar trur det blir rart med ein sommar utan Visjon.

– Men vi håper på rekordmange deltakarar når vi møtest igjen til Visjon i 2021, framleis under temaet «SENDT», seier Skullerud. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone