kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Kvelland går av i Normisjon

Publisert 25.03.2020
Anne Birgitta Langmoen Kvelland går av som generalsekretær i Normisjon ved neste årsskifte.

Anne Birgitta Langmoen Kvelland tiltredde som generalsekretær i Normisjon i april 2014 og takka hausten 2018 ja til ei forlenging av åremålet sitt fram til 1. april 2022. No takkar ho likevel av ved årsskiftet 2020/2021, nesten eitt og eit halvt år før åremålet spring ut.

– Anne Birgitta Langmoen Kvelland har vore svært viktig for Normisjon i perioden ho har vore generalsekretær. Ho har hatt ein viktig funksjon ikkje minst i omstillingsfasen organisasjonen har vore inne i dei siste åra, seier landsstyreleiar Hallgeir Solberg i ei pressemelding.

Solberg seier at Kvelland har bidrege til å skapa ein kultur for samhandling og endring, og i hennar tid har det skjedd mykje innanfor forsamlingsutvikling, vekst innan Soul Children-bevegelsen og kursopplegget med Agenda 1 som blir brukt både nasjonalt og internasjonalt.

– Normisjon er takksamt for det arbeidet Anne Birgitta har lagt ned i løpet av desse åra og samtidig har vi forståing for at ho no finn det riktig å avslutta tenesta si i Normisjon, seier Solberg.

– Eg har vore generalsekretær i ein krevjande fase av Normisjon si historie. Vi har tatt tunge tak som har kravd mykje energi. Eg har fått gjort mykje, vi har fått til mykje saman, og eg har gitt alt eg hadde, seier Kvelland.

– I slutten av januar bestemte eg derfor at det no er tid for at nokon andre tar over.

Til avisa Vårt Land seier Kvelland at avgjerda er tatt heilt frivillig.

Landsstyret i Normisjon melder at dei no skal starta ein prosess med å finna Kvellands etterfølgjer. Styreleiar Solberg seier at målet er å ha vedkomande på plass før Kvellands avgang. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone