kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny internasjonal leiar i Stefanusalliansen

Publisert 09.03.2020
Eva Frydenborg er tilsett som ny leiar av internasjonal avdeling i Stefanusalliansen etter Kai Tore Bakke.

– Eg får høve til å løfta blikket og sjå heilskapen i det vi gjer. Eg får òg bli betre kjent med fleire av prosjekta og partnarane våre, dei som jobbar for trusfridom og menneskerettar, og dei som støtter forfølgde og diskriminerte kristne og misjonsarbeida deira, seier Frydenborg i ei pressemelding.

Eva Frydenborg starta i Stefanusalliansen sommaren 2018 som prosjektrådgivar for prosjekt i den treårige samarbeidsavtalen med Utanriksdepartementet. No har ho vorte avdelingsleiar for arbeidet med menneskerettar og misjon.

– Eg ser fram til å utvikla vidare den gode synergien mellom å støtta grasrotarbeid og å påverka politiske prosessar nasjonalt og internasjonalt. I tillegg gleder eg meg veldig til å få leia den særs gode og kompetente staben i internasjonal avdeling, seier Frydenborg.

Kai Tore Bakke, som har leidd internasjonal avdeling i Stefanusalliansen tidlegare, har starta i ny jobb ved Høgskolen i Innlandet, nær heimstaden på Hamar.

Ny internasjonal leiar i StefanusalliansenFRÅ KRIK: Marie Harbo Øygard som tek over ansvaret for prosjekta i avtalen Stefanusalliansen har med Utanriksdepartementet etter Frydenborg. FOTO: Stefanusalliansen

Stefanusalliansen har òg tilsett Marie Harbo Øygard som tek over, etter Frydenborg, ansvaret for prosjekta i avtalen med Utanriksdepartementet: undervisning i trusfridom, oppbygging av lokale organisasjonar som kan rapportera brot på trusfridom og styrkt rettshjelp for offer for brot på trusfridommen.

Harbo Øygard kjem frå stillinga som leiar for internasjonalt arbeid i KRIK.

– Eg ønsker å bidra til at menneske får styrkt trusfridommen sin og andre menneskerettar, slik at kvardagen kan fyllast med tru, håp og framtidsutsikter. Og så gleder eg meg veldig til å bli kjent med kollegaer og samarbeidspartnarar, og eg gleder meg over allereie å ha fått gå i gang med dei nye arbeidsoppgåvene, seier Harbo Øygard i pressemeldinga. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone