kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Olav Fykse Tveit tilsett som preses

Gudvangen, Stein
Publisert 30.01.2020
Olav Fykse Tveit kjenner som ny preses for Den norske kyrkja eit ansvar for å vere representativ for heile kyrkja, men også å vere profilert og synleg i samfunnsdebatten.

Fykse Tveit (59) var torsdag formelt tilsett av Kyrkjerådet som preses for Bispemøtet i Den norske kyrkja. Han kjem frå stillinga som generalsekretær i Verdskyrkjerådet der han har vore i 10 år.

LAST NED SAKEN I TEKSTFORMAT HER

Han tek over etter Helga Haugland Byfuglien som går av for aldersgrensa og som hadde si avskilsgudsteneste i Nidarosdomen sist sundag. Fykse Tveit tiltrer likevel ikkje før i april.

Under Kyrkjemøtet i Trondheim skal det søndag 26. april vere vigslingsgudsteneste i Nidarosdomen. Då blir Olav Fykse Tveit vigsla til sin nye leiarstilling i Den norske kyrkja.

Tidlegare har Fykse Tveit vore sokneprest, teologisk konsulent og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja. Han har også ein teologisk doktorgrad.

Lytte og samle

– Ein biskop skal både lytte til dei andre og samle og foreine mangfaldet i kyrkja om vår felles tru. Som preses har eg eit særleg ansvar å vere representativ for heile kyrkja og samstundes vere profilert. Det kan stundom bety at det er viktigare at ein formidlar bodskapen på ein god måte enn å dominere debatten og få det siste ordet, seier den nytilsette biskopen ifylgje kirken.no.
Den nye leiaren for bispekollegiet vert omtala som «fremst blant likestilde» og skal leie dei tolv biskopane i Bispemøtet. Han har i tillegg tilsyn med Nidaros domprosti, med Nidarosdomen i Trondheim som domkyrkje.
– Eg ser fram til å knyte kontaktar igjen til Trøndelag der eg hadde ein viktig del av min oppvekst, seier Fykse Tveit.

Nytt og nyttig

Fykse Tveit ser for seg at Den norske kyrkja må bli sett og høyrd og ha ei «profetiske rolle» i samfunnet.

– Eg vil gjerne prøve å fylle rolla som preses ved å bidra til at Den norske kyrkja blir sett og høyrt, og at det kjem gode og saklege bidrag frå kyrkja i det offentlege rom. Eg meiner det handlar om å vere ei tydeleg røyst, og å vere både kritisk og konstruktiv, seier han.
Han er oppteken både av å gjere noko nyttig og noko nytt.

– Eg er difor også nokså nysgjerrig, eg vil gjerne forstå meir for å kunne handle betre. Eg ynskjer å formidle evangeliet si frigjerande kraft, vona og trøysta, og kva trua på Kristus inneber som rettleiing for korleis vi lever saman som èin menneskeleg familie i Guds eine skaparverk i dag og i morgon, seier den nye presesen. KPK

 



Powered by Cornerstone