kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Kyrkjeleiarar demonstrerte mot vald

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 05.12.2019
Torsdag kledde ei rekke kyrkjeleiarar seg i svart og demonstrerte i Oslo for å visa sin motstand mot vald og overgrep.

Kvar tiande norske kvinne har vore utsett for valdtekt. Norske krisesenter opplever 20 000 førespurnader i året. Torsdagar kler norske kyrkjeleiarar seg i svart for å visa sin motstand mot vald og overgrep.

– Vi er lei av å høyra om vald, undertrykking, drap, valdtekter og trakassering. Vi ønsker at alle skal kunna røra seg fritt utan å vera redd for å bli banka opp, slått, valdtatt, trakassert eller diskriminert på bakgrunn av rase, legning eller kjønn, seier Berit Hagen Agøy, internasjonal direktør i Kyrkjerådet, i ei pressemelding.

Torsdag 5. desember stod ei rekke kyrkjeleiarar ved tigeren framfor Jernbanetorget i Oslo kledd i svart som ein del av kampanjen Torsdagar i svart. Datoen for markeringa er ikkje tilfeldig valt: Perioden frå 25. november til 10. desember er ein periode FN oppmodar til å jobba for avskaffing av vald gjennom eit prosjekt kalla 16 Days of Activism Against Gender-Based Violence.

I tillegg til Berit Hagen Agøy var mellom anna Biskop Kari Veiteberg, Biskop Ingeborg Midttømme, Preses Helga Haugland Byfuglien, generalsekretær Erhard Hermansen i Norges Kristne Råd og Anne Mari Schiager Topland, nestleiar i Frikirkens synodestyre, til stades og demonstrerte framfor Oslo S.

Torsdagar i svart er ein kampanje som uttrykker protest mot vald og overgrep, og solidaritet med offera.

– Vi oppmodar kvarandre til å bera svart torsdagar. Det er eit symbol på styrke og mot til å seia frå, representerer solidaritet med offera og krev ei verd utan vald, seier Erhard Hermansen.

Norges Kristne Råd fortel at kampanjen stammar frå Argentina under diktaturet då mødrer og bestemødrer samla seg føre diktatorpalasset kvar torsdag, kledd i svart, stille, men «visuelt øyredøyvande til stades». Dei ville få styresmaktene i tale, få vita kvar det hadde vorte av dei forsvunne familiemedlemmene deira. Seinare er kampanjen bore fram mellom anna i Sør-Afrika under apartheidregimet og i Bosnia av kvinner som viste solidaritet med offera for vald og overgrep.

Kyrkjenes Verdsråd har sidan 1980-talet markert #torsdagerisvart med fokus på manglande respekt for menneskerettane. KPK

LAST NED SAKA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

Kyrkjeleiarar demonstrerte mot valdSOLIDARITET: Det er eit symbol på styrke og mot til å seia frå, representerer solidaritet med offera og krev ei verd utan vald, seier Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges Kristne Råd, om å kle seg i svart på torsdagar. FOTO: Norges Kristne Råd



Powered by Cornerstone