kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Nytt landsstyre i Søndagsskolen

Publisert 04.11.2019
På generalforsamlinga i helga vart det valt landsstyre for tre nye år i Søndagsskolen Norge.

Siri Lindtveit er attvalt som ny landsstyreleiar for Søndagsskolen Norge. Ho er glad for tilliten, og gleder seg til å ta fatt på ein ny periode med eit nytt landsstyre.

– Det å få gjera ein jobb på denne måten, for at barn i Noreg skal få høyra om Jesus er for meg utruleg kjekt, lærerikt, interessant og givande. I tillegg til dette, så blir ein kjent med utruleg mange menneske som brenn for det same. Og det er så inspirerande, seier styreleiaren i ei pressemelding.

Søndagsskolen Norge hadde den fyrste helga i november generalforsamling på Gardermoen. Ein av dei første sakene som vart behandla var val av nytt landsstyre der dei 73 delegatane med røysterett valde å fornya tilliten til fleire av tidlegare landsstyremedlemmer. I innstillinga til valkomiteen hadde ein lagt størst vekt på kompetanse, men òg tatt omsyn til alder, kjønn og geografi i forhold til samansetninga i styret.

Søndagsskolen Norges nye landsstyre består av leiar Siri Lindtveit, Sigbjørn Gilje Eikrem, Marit Sævig Leinebø, Gunnar Innerdal, Monica Gislefoss, John Sigurd Skjold, Unny Nome Sivertsen (ny), Berit Bakke (ny) og Marie Synnøve Skagemo (ny). Ann Kristin Tosterud Eriksen er dei tilsette sin representant. Dei er valde for perioden 2020 – 2022. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone