kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Nytt styre i Kristne Arbeidere

Publisert 31.10.2019
Den siste helga i oktober var det landsmøte i Kristne Arbeidere og nytt styre vart valt.

Lanseringen av boka «Rosen og korset. Ei forteljing om eit kristent venstre i Noreg», skrive av Nils-Petter Enstad, var hovudsaka då organisasjonen Kristne Arbeidere var samla til landsmøte i Oslo fredag 25. og laurdag 26. oktober.

Varaordførar Tove Elise Olsen Frøland frå Vindafjord vart vald som ny nestleiar i styret, medan Jan Rudy Kristensen frå Arendal vart attvalt som leiar.

Landsmøtet vedtok fire resolusjonar: Eit krav om at dei såkalla Syria-barna og mødrene deira   blir henta heim til Noreg, eit krav om trusfridom for alle, kritikk av kuttet til regjeringa i arbeidsavklaringspengar og at såkalla «ureturnerbare» asylsøkarar må ha rett til arbeid medan dei er i Noreg, med støtte til Arne Viste, som er dømt til fengsel for å ha gitt arbeid til slike.

Nytt styre

Etter landsmøtet består styret i Kristne Arbeidere av: Jan Rudy Kristensen, Arendal, leiar (attval), Tove Elise Olsen Frøland, Vindafjord, nestleiar (ny), Marianne Uri Øverland, Fredrikstad, sekretær (attval).

Styremedlemmane er: Harald Trulsrud, Oslo (attval), Raymond Turøy, Bergen (ny), Siri Fossheim, Oslo (ny) og Halvor Bruun, Oslo (attval).

Mats Kvaløy-Bjørbekk, Oslo, Maria Hevzy, Arendal og Rachel Lørum, Halden vart valt som varamedlemmar. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone