kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Kristent Radioforums heiderspris til Sølvi Olimb

Publisert 28.10.2019
Kristent Radioforums heiderspris 2019 er gitt til redaktør og dagleg leiar i Radio Øst – Østfoldradioen, Sølvi Olimb.

Prisen vart delt ut i samband med årsmøtet i Kristent Radioforum 25. oktober, fortel KR i ei pressemelding.

– Sølvi er en svært verdig mottakar av heidersprisen. Det er ei stor gleda å gje prisen til ein allsidig person som har vore trufast i jobben i alle år. Ho er ennå så ung at ho kan ha mange år framfor seg i teneste for kristen og allmenn radio, sa leiaren av juryen, Vigleik Brekke, då han overrekte prisen.

Olimb tok journalistutdanninga si på Gimlekollen Mediehøgskole, no ein del av NLA høgskolen. Ho var tilsett i Norea Radio i Kristiansand i perioden 1991 til 2002. I denne perioden produserte ho mellom anna barneprogrammet "Fortell Mer" og "Møteplassen" som i mange år vart sendt på P4. Prisvinnaren gjorde teneste i ei avdeling Norea Radio oppretta i Oslo. Då samarbeidde ho med Radio Sentrum, som var eit felles prosjekt med fleire organisasjonar. I 2012 vart Olimb tilsett i Radio Øst. Sidan 2014 har ho vore redaktør og dagleg leiar i Radio Øst - Østfoldradioen.

Juryen skriv i grunngjevinga at Sølvi Olimb makta å gjennomføra den krevjande oppgåva å dyrka fram ein profil som tek i vare grunntanken om ein allmennradio på kristen grunn på ein framifrå måte. Dei meiner prisvinnaren har leia ein radio med eit spennande konsept og at hennar sterke engasjement og vinnande vesen har vore ein viktig suksessfaktor for Radio Øst. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone