kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Holtekilen skiftar namn

Publisert 21.10.2019
Fredag 1. november skiftar Holtekilen folkehøgskole namn til Oslofjord Folkehøgskole.

Holtekilen folkehøgskole, som er ått av Baptistsamfunnet, skiftar i haust namn til Oslofjord Folkehøgskole. Det skriv organisasjonen på drammenbaptist.no.

Namnebytet blir grunngjeve med eit ønske om å gjera det tydelegare for søkarar kvar i landet skulen ligg, då få ungdommar veit kvar stadnamnet Holtekilen er, men alle veit kvar Oslo og Oslofjorden er. Skulen ønsker òg å markera seg som ein urban skule.

Det er ikkje første gong skulen skiftar namn. Folkehøgskulen fekk ved starten namnet Baptistenes folkehøgskole etter kven som åtte skulen og målgruppa skulen hadde. Dei første kulla bestod hovudsakleg av baptistungdom.

Etter nokre år så leiinga at det kom elevar frå mange andre samanhengar og at namnet kanskje ville ekskludera nokre elevar frå å søka. Det var heller ikkje grunnlag blant baptistane til å fylla skulen med nok elevar kvart år. Namnet til skulen vart derfor endra til Holtekilen, den vesle bukta rett nedanfor skulen. Geografien avgjorde namnevalet.

Holtekilen følgjer ein tendens blant folkehøgskulane å endra namn etter geografien, og ofte til større geografiske område. Øytun har endra namn til Alta folkehøgskole, Birkeland til Sørlandet, Fredtun til Stavern og Rauma til Molde folkehøgskole. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

 



Powered by Cornerstone