kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny generalsekretær i Blå Kors

Publisert 17.09.2019
Kjetil Haga (52) er tilsett som ny generalsekretær i Blå Kors og overtar etter Jan Elverum.

Blå Kors eig og driv behandlingsinstitusjonar, poliklinisk verksemd, arbeid for barn og unge, vidaregåande skular, gatenære tiltak, bustadsenter, lokale stiftelsar med meir.

– Blå Kors er ein veldig flott organisasjon som jobbar med utfordringar knytt til oppvekstvilkår, rus, psykisk helse og sosial inkludering. Saman med styret og alle dei gode medarbeidarane i Blå Kors gleder eg meg veldig til å gå inn i dette arbeidet, for å vidareføra Blå Kors sine verdifulle tradisjonar og utvikla organisasjonen for morgondagen, seier Kjetil Haga i ei pressemelding.

Haga er utdanna teolog, med ei master i organisasjon og leiing. Han har jobba mange år som prest, sist som domprost i Tønsberg. Tidlegare arbeidde han ved Sjukehuset Østfold, med organisasjonsutvikling og som leiar for økonomi- og oppfølgingsavdelinga. Han har òg jobba i frivillig sektor og har gjennom mange år vore engasjert ved behandlingsinstitusjonar for rusavhengige. Han har òg hatt både tillitsverv og styreoppgåver.

Blå Kors er ei diakonal verksemd med arbeid i store delar av Noreg og hadde i 2018 ei omsetning på over 1 mrd kroner. Organisasjonen har 1 300 tilsette, 900 frivillige tidgivarar og 3 000 medlemmer.

– Med bakgrunnen og erfaringa si meiner vi at Kjetil Haga har god forankring i verdiane våre, god forståing for Blå Kors sin diakonale eigenart. Han har leiareigenskapar som organisasjonen treng og vi er sikker på at han vil bygga gode lag med våre flotte tilsette og frivillige, seier styreleiar i Blå Kors Trine Stensen. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

Relaterte dokumenter



Powered by Cornerstone