kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny leiar i Misjon Sarepta

Publisert 16.08.2019
Ole Andreas Meling blir frå 1. august 2020 ny dagleg leiar i Misjon Sarepta. Noverande leier, Hans Bergane, går over i ny stilling som leiar i Norden.

– Styret i Misjon Sarepta er svært glade og takknemlege for at Ole Andreas Meling har svart ja på kallet til å bli ny dagleg leiar i organisasjonen. Han har erfaring både som leiar og forkynnar. Denne tilsettelsen vil styrka arbeidet totalt sett, og særleg legga til rett for å utvida arbeidet i Noreg og Norden, skriv styreformann Johannes Kleppa i ei pressemelding.

Misjon Sarepta er ein relativt ny organisasjon og har sidan starten i 2014 vore i ein oppstart og etableringsfase. Dei har hatt hovudfokuset sitt på misjon i Sør-Europa, særleg i Spania.

– Det har skjedd mykje gjennom dei fem åra Sarepta har virka, og organisasjonen står stadig overfor nye utfordringar sør i Europa og i Norden. Det har vore satsa mykje på å bygga opp Centro Sarepta som eit bibel- og opplæringssenter og ein base for arbeidet i Spania og inn mot muslimske område. Her er det no på plass eit godt mannskap, men det vil krevjast endå meir framover, skriv Kleppa.

Meling er i dag rektor ved Jærtun lutherske friskule. Han bur på Nærbø, og vil ha kontor der som dagleg leiar av Sarepta.

– Meling kjenner Sarepta sitt arbeid godt, og han har deltatt i arbeidet til organisasjonen med song, forkynning og undervisning i Spania, skriv Kleppa.

Skifte av dagleg leiar skjer ifølgje organisasjonen etter initiativ frå noverande leiar, Hans Bergane. Han ønsker å få konsentrera seg i endå sterkare grad om arbeidet Norden.

– Det har opna seg dører òg i Norden, samtidig som Sarepta opplever kall og utfordringar frå ulike hold. Styret ser det som viktig å styrka arbeidet i Norden, skriv styreformannen. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone