kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny tilsynsmann innsett i DELK

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 26.06.2019
Bertil Andersson er innsett som tilsynsmann i Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunn (DELK).

Under DELKs sumarstevne på Gjennestad i Stokke i Vestfold vart Bertil Andersson (44) den 23. juni innsett som den nye tilsynsmannen til kyrkjesamfunnet. Han etterfølgjer Rolf Ekenes som går av med pensjon etter åtte år som tilsynsmann. Dette skriv DELK i ei pressemelding.

Bertil Andersson har den teologiske utdanninga si frå Församlingsfakulteten i Gøteborg og Fjellhaug internasjonale høgskule i Oslo. Han har tenestegjort som misjonær og stadleg representant for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og DELK i Mongolia, og som forsamlingsprest i DELK Telemark. Han tiltrer den nye stillinga si i september.

Ved innsettelsen deltok mellom anna representantar frå NLM og NMS, i tillegg til frå Norme, Noregs Kristne Råd og Missionsprovinsen i Sverige. Ei forsamling på drygt 500 personar deltok på gudstenesta og vigslinga av den nye tilsynsmannen.

Andersson fekk 66,2 % av stemmene til dei 631 medlemmene som gjekk til urnene gjennom to valrundar i vinter. 44-åringen blir den tolvte tilsynsmannen til kyrkjesamfunnet. Tilsynsmannsrolla har eksistert sidan kyrkjesamfunnet vart til og er den øvste leiaren og tillitsvalte i DELK. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

Ny tilsynsmann innsett i DELKFORBØN: Forberedelse til forbønen for Bertil Andersson under innsettelsesgudstenesta. FOTO: Tormod Fredriksen, DELK



Powered by Cornerstone