kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Skjærgårds samarbeider med Radio 3,16

Publisert 12.06.2019
I sumar blir det livesendingar frå festivalen Skjærgårds Music & Mission på den kristne radiokanalen Radio 3,16.

Skjærgårds Music & Mission er Nordens største kristne musikkfestival for ungdom og har eksistert sidan 1981. No inngår dei eit nytt samarbeid med den kristne radiokanalen Radio 3,16.

– No når vi ut til heile Noreg med musikken vår, seier festivalsjef Roar Korsæth Eikli i ei pressemelding.

Musikksjef i Radio 3,16, Terje Govertsen, meiner samarbeidet med Skjærgårds vil løfta kanalen.

– Å samarbeida med ein sterk og seriøs aktør som Skjærgårds er spennande. Tonen er god og vi merker at vi vil mykje av det same. Ideane har poppa på møta vi har hatt. Vi trur dette samarbeidet kan gi radiostasjonen vår eit løft, seier han.

I sumar skal Radio 3,16 oppretta eit eige studio på festivalen og skal senda livesendingar direkte derfrå. Radioens eige «glas-studio» vil produsera radio med intervju, artistbesøk i studio og musikk live frå festivalen.

– Denne plattforma har vi sakna, uttaler ein fornøgd festivalsjef.

– Med Radio 3,16 har vi ein nasjonal aktør på radiomarknaden som tenker likt som oss når det gjeld å presentera kristen musikk. Vi håper og trur at sumarens stunt er starten på eit langt og fruktbar samarbeid, seier Eikli.

Under festivalen blir det òg lansert utdeling av ein heilt ny musikkpris og det heile vil bli kringkasta over DAB-nettverket, til heile landet.

Samarbeidet mellom Radio 3,16 og Skjærgårds handlar ifølge pressemeldinga om å løfta fram den gode musikken, gi artistar eit større publikum og samtidig vera med å inspirera og motivera dei til å skriva viktige tekstar og fortsetja å gi ut musikk til glede for folket. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

 

Skjærgårds samarbeider med Radio 3,16NØGD: Festivalsjef Roar Korsæth Eikli er svært nøgd med samarbeidet med Radio 3,16. – Denne plattforma har vi sakna, seier han. FOTO: Stiftelsen Skjærgårds
Relaterte dokumenter



Powered by Cornerstone