kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Tidlegare LHBT-aktivist hovudtalar på Filosofiveka

Publisert 11.06.2019
Laget har invitert David Bennett, ein homofil mann som har valt å leva i sølibat etter at han møtte Jesus, som hovudtalar til Filosofiveka.

Kvar sommar arrangerer Noregs Kristelige Student- og Skuleungdomslag (Laget) Filosofiveka, ei veke der «unge vaksne samlast i fri natur til spennande, god undervisning om filosofi, teologi og vitskap, gode samtalar, lågare tempo, tid for stille, tanke og tidebønn».

I år er tema seksualitet og identitet og Laga melder på Facebook-sida si at australske David Bennett er hovudtalar.

Bennett tar doktorgrad i teologi og etikk på Oxford, har vore med på BBC-dokumentaren «Young, Gay, Christian» og har skrive boka «A war of loves».

Han trudde at han var diskvalifisert frå Guds kjærleik på grunn av seksualiteten sin, og han såg kristendommen som ein fiende av fridom for LHBT-folk. Tidlege erfaringar med fordommar og homofobi styrte ønsket hans om å bli ein anti-kristen homofili-aktivist. Så kom Jesus inn i livet hans på ein svært uventa måte, og førte han ned ein sti han aldri ville ha førestilt seg eller spådd.

I dag lever han i sjølvvalt sølibat og tenker at vi må ta eit steg tilbake og tenka djupare om dei større spørsmåla om identitet, seksualitet og kjærleik, for å skapa betre samtalar om desse temaa.

Filosofiveka er for unge nysgjerrige i alderen 18 til 35 år og blir arrangert på Havglimt leirstad 29. juli til 4. august. Utanom Bennett er Martin Jakobsen stadfesta som talar. Han er nettopp ferdig med ein religionsfilosofisk doktorgrad der han har skrive om moralsk realisme og Guds eksistens. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone