kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny generalsekretær i KABB

Publisert 30.04.2019
Øyvind Woie (56) vender tilbake til Kristent arbeid blant blinde og svaksynte (KABB) som generalsekretær etter 23 år.

Øyvind Woie var generalsekretær i KABB i 6 år i første halvdel av 90-talet. No tar han tilbake rolla over 20 år seinare.

– Vi får ein generalsekretær som både kjenne KABB og har ei omfattande erfaring med fagfeltet vårt, seier styreleiar i KABB, Magne Bjørndal.

Woie kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i stiftelsen Signo, som driv eit omfattande arbeid blant døve og døvblinde. Han starta yrkeskarrieren sin i KABB i 1984, først som journalist og programleiar, og seinare som redaksjonsleiar og personalansvarlig. Frå 1990-1996 var han altså generalsekretær i KABB. Han har jobba som journalist i avisa Vårt Land og i eit vikariat som kommunikasjonssjef i Kirkens Sosialtjeneste.

– Øyvind har leiarerfaring, og har eit nettverk KABB vil ha nytte av, òg i det politiske landskapet. Vi kjenner han òg som ein kreativ person som kan leia KABB inn i ei ny tid, seier Bjørndal.

Woie tiltrer stillinga 1. august. Stillinga er eit åremål for fem år, med moglegheit for forlenging. Ingvar Nevland gav seg som generalsekretær i KABB i februar i år grunna helsemessige årsaker. Sidan då har Inger Slang fungert som konstituert generalsekretær. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone