kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny styreleiar i Digni

Ruud, Ingunn Marie
Publisert 30.04.2019
Professor Stephanie Dietrich tar over rolla som styreleiar for Digni etter Dagrunn Eriksen.

Det melder Digni i ei pressemelding etter at representantskapet deira ga sine stemmer under eit møte på Anker Hotel i Oslo, torsdag 25. april. Digni er ein paraplyorganisasjon for det langsiktige utviklingsarbeidet til 20 misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn.

Valkomiteen fortel at dei har prioritert kandidatar som styrker den akademiske kompetansen i styret, og som gir viktig erfaring med, og kompetanse på skjeringspunktet mellom bistand og næringsliv.

– Samtidig har forståinga av Digni sin identitet og eigenart, og den bistandskonteksten vi arbeidar innanfor, vore viktig å sørga for, heiter det i innstillinga frå Valkomiteen.

Dietrich er førsteamanuensis og professor ved Diakonhjemmet Høgskole og VID vitskaplege høgskule, der ho er knytt til fakultetet for teologi, diakoni og ledelsesfag.

– Diakoni er evangeliet i handling, og bind saman vitnesbyrdet og tenesta til kyrkja i verda og for menneska. Kyrkjene har ein heilt særeigen berekraft i mange land og lokalsamfunn, og eit spesielt ansvar for å ivareta heile mennesket, skreiv Dietrich i fråsegna si til valkomiteen.

Dietrich er valt som styreleiar for ein treårsperiode.

– Samarbeidet mellom norske organisasjonar knyta til Digni, Norad og kyrkjer og organisasjonar i Sør gjer muleg eit arbeid som eg har tru på, med høy bistandsfaglig kvalitet, forankring hos lokale aktørar som dermed bind saman bistand, misjon og diakoni på ein framifrå måte, seier Dietrich som er utdanna teolog, både frå Tyskland og Noreg.

Ho vonar at hennar internasjonale og økumeniske erfaring, god kjennskap til mange kyrkjer i Sør og i Noreg, faglege tyngde og leiingserfaring kan bidra til å leia og vidareutvikla Digni sitt arbeid.

– I tillegg meiner eg at den aukande interessa for tros- og livssynsaktørane si rolle i internasjonal bistand og styrkinga av sivilsamfunn i arbeidet med FNs berekraftsmål gjer eit godt grunnlag for Digni sitt arbeid, òg i framtida. Dette arbeidet vil eg gjerne bidra til. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone