kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

To nye STL-medlemmar

Gudvangen, Stein
Publisert 26.02.2019

Ahmadiyya Muslim Jama´at Noreg og Muslimsk Dialognettverk Noreg er teke opp som nye medlemmar i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL). Ahmadiyya Muslim Jama´at Noreg og Muslimsk Dialognettverk Noreg (MDN) har gjennom 2018 hatt observatørstatus i STL. Muslimsk Dialognettverk Noreg er eit alternativt nettverk for norske muslimske forsamlingar som har brote med Islamsk Råd Noreg som gjekk ut av STL i fjor. STL har med dette 15 medlemmar, både humanistiske, kristne, muslimske og andre religiøse livssyn.

  – STL har som mål å femna mangfaldet i det norske trus- og livssynslandskapet. At MDN og ahmadiyyaene no er inkludert i rådet er med på å styrkja denne målsettinga, seier generalsekretær Ingrid Rosendorf Joys i STL. KPK

 

LAST NED NOTISA I TEKSTFORMAT PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER

 



Powered by Cornerstone