kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Silje Kvamme Bjørndal vert KRIK-leiar

Publisert 31.01.2019
Silje Kvamme Bjørndal (37) er tilsett som ny generalsekretær i KRIK. Ho kjem frå jobb som rådgjevar for KrF på Stortinget.

– Det er ei glede å kunna presentera Silje Kvamme Bjørndal som den nye generalsekretæren vår. Det å vera ein organisasjon med tru, idrett og aktivitet i sentrum, og den stadige oppveksande generasjonen som målgruppe, krev kontinuerleg vidareutvikling, seier styreleiar i KRIK, Erlend Klepsvik Haus, i ei pressemelding.

Silje Kvamme Bjørndal er utdanna ved NLA Høgskulen Bergen og MF vitskapleg høgskule, der ho òg har skrive doktorgraden sin i systematisk teologi.

– Silje har eit tydeleg Jesus-fokus og ein særs god formidlingsevne. I kombinasjon med hennar strategiske ferdigheiter og teologiske kompetanse gjer dette ho til den rette generalsekretæren i KRIK, seier Haus.

Bjørndal utaler i same pressemelding at ho gleder seg til å ta fatt på den nye jobben.

– Det er eit fantastisk privilegium å få verta med på KRIK-laget og byggja vidare på den kvaliteten og lidenskapen som kjenneteiknar denne organisasjonen. Eg brenn for at unge menneske skal finna trygge fellesskap, der dei kan få veksa og utfordrast, både i trua og på idrettsbanen, seier ho.

Bjørndal overtek jobben etter Magnus Hvalvik som har vore konstituert i stillinga sidan august i fjor. Den nye generalsekretæren vil tiltre stillinga seinast 1. april.

– Med den økumeniske tilnærminga si har KRIK eit unikt høve til å gjera Jesus tilgjengeleg for nye menneske, på ulike arenaer. Saman med alle tilsette og frivillige over heile landet gleder eg meg til å leia laget vidare det neste strekket, fortel Bjørndal. KPK

LAST NED NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone