kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Leiar sluttar etter 22 år

Publisert 10.01.2019
Dagleg leiar i Kyrkjeleg ressurssenter, Elisabeth Torp, har avgjort å slutta i stiftelsen.

Elisabeth Torp har leia arbeidet i Kyrkjeleg ressurssenter i 22 år. No har ho ifølgje ei pressemelding frå stiftelsen avgjort å overlata roret til nokon andre.

– Kyrkjeleg ressurssenter har etablert seg som eit viktig kompetansesenter under Elisabeth Torps leiing. Saman med ein engasjert stab har ho stått ved sida til den utsette i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep, seier styreleiar i Kyrkjeleg ressurssenter, Bjørn Hareide i pressemeldinga.

– Ho har vore ein gründer innanfor eit viktig arbeidsområde for kyrkja heilt sidan oppstartinga i 1996.

Fredag vert det lagt fram ei evaluering av arbeidet til ressurssenteret, bestilt av stiftelsen sjølv.

– Når ressurssenteret på bakgrunn av denne evalueringa skal peika ut kursen for framtida og vidareutvikla drifta, ser eg det som naturleg å overlata roret til andre, seier Torp.

Styret har løyvd leiaren ein studiepermisjon i seks månader før ho avsluttar arbeidet. Dette vert gjeve som ein heider for ei engasjert og profesjonell leiing.

– Styret er svært takknemleg for kva Elisabeth Torp har tydd for Kyrkjeleg ressurssenter og det oppdraget ressurssenteret har, seier Hareide. KPK

 

LAST NER NOTISA PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone