kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Går for Jærgårds igjen

Publisert 08.01.2019
Arrangørane satsar på endå fleire deltakarar på årets festival.

I august 2018 vart den kristne festivalen Jærgårds arrangert for første gong i friluftsområdet Kleppeloen på Jæren. Jærgårds melder i ei pressemelding at dei satsar på å gjenta festivalen den 10. august i år.

– Det vart ein fantastisk festival i 2018, og vi fekk vist at dette faktisk var mogleg å få til, seier festivalsjef Jan-Gunnar Haraldseid.

I løpet av dagen i fjor var det ifølgje Jærgårds rundt 1800 menneske innom det tverrkyrkjelege fellesprosjektet i Klepp, der det blant anna var konsertar og aktivitetar for både barn, ungdomar og vaksne.

– Første året er alltid det vanskelegaste for ein ny festival. I 2019 må vi prøva å gjera Jærgårds berekraftig. Målet er 2500 vitjande, og så må vi ha på plass litt fleire sponsorar, seier Haraldseid.

Lokale krefter

Jærgårds skal ifølgje pressemeldinga framleis arrangerast av lokale krefter, med dei ulike kyrkjelydane i Klepp med på laget.

– Den første festivalen har gjeve oss mange gode røynsler som vi tek med oss inn i planlegginga av Jærgårds 2019. No gleder vi oss til å presentera dei første artistane om kort tid, seier Haraldseid.

Klepp kommune har allereie sagt ja til å låna bort Kleppeloen òg i august 2019, medan lokale kyrkjelydar og den kristne ungdomsorganisasjonen Skjærgårds Live stiller med økonomisk garanti. KPK

LAST NED NOTISEN PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone