kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Ny sjefredaktør tilsett i Vårt Land

Publisert 05.12.2018
Bjørn Kristoffer Bore (49) er tilsett som ny sjefredaktør i avisa Vårt Land.

Det skriv Vårt Land i ei pressemelding.

Bjørn Kristoffer Bore (49) kjem frå stillinga som redaksjonssjef i Dagbladet Pluss og konstituert magasinredaktør i Dagbladet og tek over etter Åshild Mathisen, som den 23. mars gjekk av med umiddelbar verknad. Sidan då har religion- og debattredaktør Alf Gjøsund har vore konstituert i stillinga.

Bore har hatt ulike roller i Dagbladet dei siste 20 åra.

– Bore har tung redaksjonell røynsle, og har vore sentral i større omstillingsprosessar og digitaliseringsarbeid, derunder arbeidet med Dagbladets suksess på digital abonnementsmodell. Vi meiner Bore har dei beste føresetnadene for å leia Vårt Land gjennom ei tid med store endringar og høve, seier Per Magne Tveiten, styreleiar i Vårt Land, ifølgje meldinga.

Bjørn Kristoffer Bore sin far er Thor Bjarne Bore som var sjefredaktør i Vårt Land frå 1974 til 1983, og seinare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad.

Ifølgje pressemeldinga kjem Bjørn Kristoffer Bore til å fokusera på vekst for Vårt Land.

– Avisa har ein redaksjon som er den aller beste på sitt felt i Noreg. Vårt Land har eit stort vekstpotensial, spesielt på det digitale området. Vårt Land er ei unik avis med eit heilt spesielt oppdrag. Avisa er limet i Kristen-Noreg, og er ei viktig avis på tvers av verdimessige og politiske skiljelinjer, seier Bore.

Tiltredingstidspunkt for Bjørn Kristoffer Bore er endå ikkje klard, men det vert i løpet av fyrste halvår 2019, skriv Vårt Land i pressemeldinga. KPK

 

LAST NED NOTISEN PÅ NYNORSK OG BOKMÅL HER



Powered by Cornerstone