kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 
 
 

 

KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene.
Tekst på bokmål og nynorsk.

Lundeneset-russen samla inn 623.000

Publisert 27.10.2017
Gjennom eit misjonsløp samla 140 deltakarar inn sponsorpengar til skulens misjonsprosjekt i Stor-Kina.

Russen på den kristne skulen Lundeneset har tradisjon for å arrangera misjonsløp kvar oktober. Det er ikkje første gongen elevane samlar inn store beløp til innsamlingsprosjekta.

— Me er svært godt nøgde med innsatsen i årets misjonsløp. Det er kjekt å sjå at folk engasjerer seg for å samla inn pengar til prosjektet vårt, seier prosjektansvarleg i årets russestyre på Lundeneset vgs i Ølensvåg, Peter Hovda, i ei pressemelding.

19. oktober samla altså rundt 140 deltakarar inn godt over 600.000 kroner til russen sitt innsamlingsprosjekt i Stor-Kina.

For å delta i misjonsløp, treng du sponsorar. Du blir sponsa anten per runde, eller som eit fastbeløp. Deltakarane spring så ei løype på i overkant av 800 meter. Dei som sprang mest, klarte ifølgje Lundeneset-russen over 30 rundar av løypa. Det var med andre ord fleire som la bak seg rundt 25 kilometer.

— Konkret går pengane til prosjekt innan bistand og utdanning, men også kyrkjelydsarbeid, evangelisering og diakoni. To prosjekt som har skapt engasjement hos årets russekull, er dei som handlar om hjelp til etterletne barn med funksjonshemmingar, seier Peter Hovda.

Pengane som elevar og støttespelarar har samla inn til går til arbeid i Kina, Hong Kong, Macau og Taiwan. Lundeneset vgs er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). KPK

LAST NED NOTISEN I TEKSTFORMAT HER



Powered by Cornerstone